Full flykrangel: «Han må vere audmjuk og ha ein betre tone»

Det blir ekstraordinært bystyremøte i Flora kommune for å vedta ei høyringsfråsegn i spørsmålet om kommersielle eller statleg kjøpte flyruter. Ordførar Bengt Solheim-Olsen frå Høgre nekta først å ta opp saka i bystyret. Arbeidarpartiet er svært krasse i kritikken.

Bengt Solheim-Olsen og Bente Frøyen Steindal

ORDFØRARANE: Tidlegare ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) kritiserer noverande ordførar Bengt Solheim-Olsen, og meiner han må vere audmjuk og ha ein betre tone.

Foto: Fotomontasje / NRK

– Eg tykkjer ordføraren må vere litt audmjuk og tonen bør vere mykje betre enn han er, seier Bente Frøyen Steindal frå Ap.

Arbeidarpartiet meiner det er openbart at spørsmålet om flyrutene skal vere statleg kjøpte eller kommersielle ruter skal opp i bystyret.

– Det er viktig med ein demokratisk prosess på flyrutene i Florø. Og når næringslivet ber oss om det, må vi lytte til dei som står for 95 prosent av trafikken frå Florø, seier Steindal.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen seier han alltid forsøker å vere audmjuk, men at han ikkje vil kommentere kritikken frå Bente Frøyen Steindal.

– Dette er ein kjent gjennomgangsmelodi frå Bente Frøyen Steindal, og eg har ikkje har ytterlegare kommentarar ut over det, seier han.

Den tøffe tonen mellom Steindal, som var ordførar i Flora kommune mellom 2003 og 2011, og noverande ordførar Solheim-Olsen, kjem dagen etter nok ein oppheta debatt i Florø.

Kravde ekstraordinært bystyremøte

I Statsbudsjettet for 2013 var det løyvd om lag 4,9 milliardar kroner til statlege kjøp av transporttenester. Desse pengane omfattar mellom anna statlege kjøp av flyruter frå flyselskapa. I område med svakt trafikkgrunnlag er ordninga grunngjeve ut frå velferds- og distriktspolitiske omsyn.

Frank Willy Djuvik

FRAMSTEGSPARTILEIAREN: Frank Willy Djuvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Samferdsleutvalet i Flora kommune, med Frank Willy Djuvik som leiar, har handsama ei høyringsfråsegn om nye anbod for flyrutene, og konkludert med at dei ønskjer kommersielle ruter til og frå Florø i staden for statlege kjøp. Fleirtalet i formannskapet slutta seg til fråsegna frå samferdsleutvalet.

I bystyret torsdag kveld nekta først ordføraren å legge saka fram for bystyret.

– Saka har vore handsama i samferdsleutvalet, og på oppfordring frå næringslivet også i formannskapet. Det får halde i denne omgang, sa ordføraren.

Men det vart gjort på ein måte som ikkje minst Arbeidarpartiet reagerte på. Oscar Bergheim frå Ap, godtok difor ikkje ordføraren si avvising av saka, og bad om at saka vart lagt fram for bystyret.

– Det er avvist av ordførar, var det kontante svaret frå ordstyraren.

– Dersom det ikkje blir røysting, vil Arbeidarpartiet be om eit ekstraordinært bystyremøte der saka vert handsama, sa Arbeidarpartiet sin representant vidare.

Ordføraren måtte gje tapt

Deretter vart det debatt om bystyret skulle diskutere flyrute-saka, der uavhengige Jakob Nødseth og Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet var mellom dei mest aktive. Og i går var dei usamde.

Djuvik var ikkje mot at bystyret meinte noko om saka, men støtta ordføraren i at ein først måtte diskutere saka med departementet for å sikre valmoglegheiter.

Jakob Nødseth

JAKOB NØDSETH: Er uavhengig, men støtta Arbeidarpartiet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det ville vere svært klokt å få avklart kva slags moglegheiter ein har for å sikre tilbodet i Flora kommune, før ein tek det opp til politisk handsaming.

Nødseth støtta Arbeidarpartiet.

– Eg vil oppfordre ordføraren om å vere så raus med bystyret, som er det øvste organet i kommunen, at dette vert lagt fram til bystyret slik din partikollega Bjørn Hollevik har bede om, og fattar eit vedtak som er i tråd med det næringslivet ønsker.

Ordføraren stod lenge på sitt.

– Eg har sagt at vi skal bringe saka inn for handsaming i neste runde, og slik vert det, svarte ordføraren

Men til slutt vart det ikkje slik. Det vart avrøysting, og 19 av dei 35 representantane kravde saka behandla i nytt bystyre – noko som no vil skje.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.