Hopp til innhold

Eksternt selskap granskar Nordfjord Kjøtt

På oppdrag frå Rema 1000, skal Det Norske Veritas GL granske Nordfjord Kjøtt og arbeidstilhøva ved verksemda.

Nordfjord Kjøtt Rema 1000

GRANSKING: Rema 1000 har leigd inn Det Norske Veritas for å granske Nordfjord Kjøtt etter NRK sine avsløringar førre månad.

Rema 1000 har leigd inn selskapet fordi dei sjølve vil ha ei objektiv gransking etter at NRK førre månad fortalde at verksemda er meldt til politiet av Arbeidstilsynet.

Mette Fossum Beyer

REMA 1000: Mette Fossum Beyer.

Foto: Rema 1000

Direktør for kommunikasjon- og samfunnskontakt i Rema 1000, Mette Fossum Beyer, seier butikkjeda har bruk for eigne svar på tilhøva i bedrifta.

– Det er viktig for oss å få klarlagt kva som har skjedd. Det gjeld helse, miljø og tryggleik, løns- og arbeidsvilkår og innkvartering og buforhold for dei tilsette, seier Beyer.

Fleire moglege brot på arbeidsmiljølova

Måndag denne veka sette inspektørar frå Det Norske Veritas GL seg på flyet for å starte ei gransking av Nordfjord Kjøtt i Loen

Arbeidstilsynet har politimeldt Nordfjord Kjøtt for fleire moglege brot på arbeidsmiljølova etter at ein arbeidar mista fingeren. Fire slovakiske arbeidarar har fortalt NRK om høgt arbeidstempo og press som dei meiner går utover tryggleiken. Ein tilsett seier han vart pressa til å skrive si eiga oppseiing. Verksemda går også på heimebesøk for å kontrollere tilsette med eigenmelding.

– Kvifor meiner de dette er viktig å gjere?

– Det er viktig når vi ser dei typane hendingar, for å sjå om det er generelle trekk med verksemda. Det er og for å få klarlagt kva som har skjedd, slik at vi har gode grunnlag for eventuelle tiltak. Det er viktig å få sett om påstandane som har kome i samband med denne saka har grunnlag, seier Beyer i REMA 1000.

Meiner enkeltsakene ikkje er representative

Geir Egil Roksvåg

NORDFJORD KJØTT: Administrerande direktør, Geir Egil Roksvåg.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Nordfjord Kjøtt vil ikkje la seg intervjue av NRK i denne saka, men viser til ei pressemelding.

Der står det at enkeltsaker NRK har fortalt om ikkje er representative for tilhøva ved verksemda. Dei viser også til rapportar frå bedriftshelsetenesta og Næringslivets sikkerheitsorganisasjon, der verksemda ikkje har fått merknader.

Men sjølv om Nordfjord Kjøtt tilbakeviser kritikken vil Rema 1000 ha sin eigen gjennomgang.

– Nordfjord Kjøtt har også vist oss ein rapport. Men i den situasjonen som har oppstått, meiner vi det er viktig med ein objektiv, ekstern rapport, seier Beyer.