Hopp til innhold

Eksporterte langt mindre, tente meir pengar

– Det er ikkje berre problemfritt med historisk høge prisar på lakseprodukta, seier Sverre Søraa i Coast Seafood.

Fra hhv slakteri og filetfabrikk hos Nordlaks Produkter AS.

OPP OG NED: Sjømateksporten gjekk ned med 20 prosent, men verdien auka med seks prosent i februar.

Foto: Marius Fiskum

Trass kraftig reduksjon i eksporten, tente sjømatnæringa meir pengar i februar i år enn på same tid i fjor.

– Styresmaktene har avgrensa veksten til at vi har fått kontroll med lusesituasjonen i Norge, men vi har klart å halde prisnivået på lakseprodukta på eit historisk høgt nivå, seier Espen Søraa i Coast Seafood.

Er sårbare

Sverre Søraa, Martin Øvrebø

SPENT: Sverre Søraa (t.h.) i Coast Seafood konstaterer at gode prisar berga verksemdene som eksporterer sjømat.

Foto: Thomas Bickhardt

I volum gjekk eksporten ned med 19 prosent til 196.000 tonn. Verdien auka med seks prosent til 448 millionar kroner.

Utviklinga set næringa i ein sårbar situasjon ved eit prisfall.

– Det er også uroa for oss. Vi ynskjer vekst i volum generelt sett, men samstundes har vi eit historisk høgt prisnivå. Det gir også ein negativ effekt. Etterspurnaden vil falle ved høge prisnivå, så vi må passe på at vi ikkje prisar oss ut av marknaden på langsint, seier Søraa.

Positivt for laks

Coast Seafood i Måløy er eitt av dei store norske selskapa for eksport av oppdrettslaks og aure. I tillegg eksporterer dei sild, makrell og kvitfisk.

Utviklinga er ikkje lik for alle sortar, men laksen har hadde i februar ei svært god utvikling.

Geir Håvard Hanssen

VEKSLANDE: Geir Håvard Hanssen i Noregs sjømatråd fortel om ulike erfaringar for fiskeslaga som blir eksportert ut av landet.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

– Lakseeksporten i februar var på same nivå som i februar i fjor. Eksporten til EU gjekk tilbake med 3.900 tonn, medan den totale nedgangen var på 800 tonn. Det er særskilt til USA at lakseeksporten aukar utanfor EU, seier kommunikasjonsdirektør i Noregs sjømatråd, Geir Håvard Hanssen.

Spent Søraa

Det passar godt med erfaringane til Søraa og Coast Seafood.

– Dei tradisjonelle marknadane i Europa får først problem med det høge prisnivået. Vi må fokusere meir på fjerntliggande marknader, og dei ser ut til å vere i stand til å akseptere ein høgare pris enn Europa, seier Søraa.

– Men vi har generelt sett lite erfaring med korleis høgt prisnivå slår ut på næringa, så det blir spennande å følgje med, legg han til.