Hopp til innhold

Eksporterer tekstil i stor stil

INNVIK (NRK): Tekstilverksemda Innvik Sellgren har auka eksporten til å utgjere nær halvparten av omsetninga. I fjor omsette tekstilverksemda med 40 tilsette for 46,6 millionar kroner.

Innvik Sellgren

INTERNASJONALT SNITT: Innvik Sellgren satsar stort på eksport.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Vi har god tru på utsiktene, seier dagleg leiar Bjørn Åge Haugen.

Tilbake i 1890 vart Indvikens Uldspinderi starta i Innvik. Kraft frå Storelva dreiv maskinene i det enorme trebygninga. 125 år seinare produserer verksemda møbelstoff til produsentar i inn- og utland, nokre hundre meter frå den gamle fabrikken.

Innvik Sellgren

GAMAL HISTORIE: Den første fabrikken stod ferdig i 1890, nokre hundre meter der Innvik Sellgren held til i dag.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Vi greidde overgangen fordi vi tilbake på 90-talet gjorde vi ei veldig satsing inn mot norsk møbelindustri som hadde gode år og fekk ein sterk posisjon blant dei gode norske møbelprodusentane. Sidan den gong har vi jobba oss inn mot ein stor del av omsetninga på eksport. I dag har vi ein god miks, seier Haugen.

I fjor hadde dei ein liten svikt i omsetninga, men Haugen forventar at dei i år skal kome tilbake på det nivået dei har hatt dei føregåande åra.

– Vi har kome i ein posisjon der vi stabilt tener pengar. Det er ikkje dei store marginane, men det er slik at greier å reinvestere og utvikle bedrifta, seier Haugen.