Hopp til innhold

Eksplosjonsfaren over i Lærdal

Det er ikkje lenger eksplosjonsfare i Lærdal. Men det er framleis for at brannen kan blusse opp, ifølgje politiet.

Lærdal etter brannen

STORE ØYDELEGGINGAR: Slik ser det ut i Lørdal etter brannen som herja natt til søndag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Nils Erik Eggen

IKKJE FARE FOR EKSPLOSJON: Pressevakt Nils Eirik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier eksplosjonsfaren er over, men at det framleis er fare for oppblussing av brannen på grunn av store glohauger og mykje vind.

Foto: Steinar Lote / NRK

SISTE: Politiet melder at dei har bede Kripos om hjelp, både teknisk og taktisk.

Storbrannen i Lærdal starta ved 23-tida laurdag kveld og brannen herja Lærdalsøyri i heile natt. Ei entreprenørbedrift hadde gassflasker som var eksponert for varme og dei utgjorde difor ein eksplosjonsfare.

– Denne faren er no over, seier pressevakt Nils Eirik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Framleis vind frå aust

23 bygninger er mer eller mindre totalskadd, av disse 16 bolighus. Eggen seier det ikkje brenn i Lærdal no, men at det er mange branntomter med store glohauger. Det blir framleis meldt om austleg vind med sterke vindkast og beredskapen blir planlagt i forhold til dette.

– Det ryk ein del og det er framleis vind i området. Difor er det framleis fare for oppblussing, seier han.

Store styrker involvert

Eggen seier fokuset no er å stabilisere situasjonen, det gjeld både for politiet og brannmannskapa.

– Det er primært ei oppgåve for brannmannskapa, men politiet må også ha ein beredskap. Truleg gjeld det heile det kommande døgnet. Politiet skal kartleggje i detalj, for førebels har vi mange omtrentlege tal.

Det er store styrker som har vore involverte under brannen i natt.

– Vi har hatt 15–16 i innsatsstyrken frå oss, 15 frå Hordaland, seks frå nordre Buskerud og ei patrulje frå Vest-Oppland. Fleire av desse er no dimitterte sidan situasjonen er meir stabil, seier han.

Ei stor katastrofe

Røde Kors har hatt 70–80 personar i aksjon under brannen og Sivilforsvaret rundt 25. Eggen har per no ikkje tal på kor mange frå brannvesenet som har vore involvert. Det er framleis eit stort område som er avsperra fordi situasjonen ikkje er avklara.

– Det er også viktig i forhold til den vidare etterforskinga, difor må vi ha kontroll over området. Dette er ei stor katastrofe og det vil vere eit enormt arbeid i lang tid, seier han.

Det vil vere vakthald av politi, brannvesen og sivilforsvar vidare utover kvelden og natta til denne faren er over.

Fakta om skadde/behandla

  • 411 har vore innom Lærdal sjukehus for helsesjekk
  • Over 100 har vore innlagde totalt, med røykskadar
  • 45 er sende vidare til Førde sentralsjukehus for vidare behandling
  • 3 er potensielt alvorleg skadde, «potensielt» fordi røykskadar kan forverra seg. Desse er også sende til Førde sentralsjukehus

Sjå bileta frå storbrannen i Lærdal:

Slik ser det ut etter brannen herja Lærdalsøyri: