Hopp til innhold

Eksplosjon kan ha kosta 100 mill.

Eksplosjonen ved Vest Tank i Sløvåg kan ha gjort skadar for mellom 50 og 100 millionar kroner.

Tankeksplosjon i Sløvåg.
Foto: Steinar Lote / NRK

Allereie same dag som ulukka, vart det meldt om skadar til 20 millionar kroner. No har verksemda fått betre oversyn. Skadeomfanget viser seg å vere er langt høgare, melder ba.no.

Omfattande skadar

I tillegg til dei to tankane som vart totalskadd, vart fleire kringliggande tankar skadde. Tre tyngre køyrety og fleire privatbilar er skadde. Kontorlokala til Vest Tank er fullstendig utbrende og utstyr i rubbhallen er skadd som følgje av eksplosjonen.

- Vi ser på bileta at det var ein svært omfattande brann og eksplosjon. Det bileta ikkje viser er andre skadar som til dømes er under bakken. Der har vi eit omfattande rørsystem, som også kan ha fått skadar. Det veit vi ikkje før vi har fått tilgang til området, seier informasjonsansvarleg Jørn Losvar til NRK Sogn og Fjordane.

Ventar på tilgang

- Vi fryktar at summen kan strekke seg så langt som mellom 50 og 100 millionar, held Losvar fram og fortel at det også inkluderer inntektssvikt som følgje av driftsstogg, held han fram.

Vest Tank ventar no på at etterforskingsleiinga og politiet frigjer anleggsområdet så dei kan ta til med oppryddingsarbeidet. På sikt vonar verksemda å sette opp att nye tankar.