– Det gir klimagevinstar, materiale til bygningar i heile verda, arbeidsplassar til lokale entreprenørar og verdiar til skogeigarar, seier Ingunn Kjelstad.
- LES OGSÅ:
Ho er dagleg leiar i Sogn og Fjordane skogeigarlag, og har sett mengda tømmer som blir teke ut auke frå 33.000 kubikk i 2011 til 155.000 kubikk hogstmoden skog i 2014.
– Vil nytte det før orkanen tek det
I Jølster går maskinene for fullt hjå Geir Ståle Støfring, på ein kald og fin novemberdag med klar himmel. Landskapet skal få ny form.
Bonden driv normalt med dyr, men skal no sysle med skoghogst også. Han skal ta ut 15–20.000 tre. Til jobben har han leigd inn profesjonelle, lokale entreprenørar med avanserte maskiner.
- LES OGSÅ:
– Våre oldeforeldre, besteforeldre og foreldre planta skogen for 40, 50, 60 år sidan, og no står han eigentleg klar til hausting. For meg er det viktig å gjere det på eit gunstig tidspunkt, både for pris og kvalitet, seier Støfring
(Artikkelen held fram under biletet)
Ein anna grunn til at han vel å satse hardt no er vêret dei siste åra. I 2012 og 2013 vart det teke ut høvesvis 74.000 og 180.000 kubikk vindskadd skog, der Dagmar har ein stor del av skulda. Dagmar tok skog både hjå Støfring og naboane.
– Eg vil at tømmer skal nyttast. Eg vil at vi skal få det vekk før orkanen riv ned alt vi har. Då blir mykje dårleg eller skadd. Veldig mange granfelt rundt omkring har fått køyrt seg i desse vindane og uvêra våre, seier Støfring.
Imponert over jølstringen
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane skogeigarlag, Ingunn Kjelstad, er svært nøgd med det ho ser i Jølster.
– Dette er ein aktiv og foroverlent skogeigar som ser verdien i skogen og ønsker å skape verdiar frå skogen sin.
- LES OGSÅ:
– Er det mange i Sogn og Fjordane som gjer det Støfring gjer?
– Ja, det er fleire og fleire. Dei siste åra har avverkinga auka frå 30–40.000 kubikk i året til over 150.000 i år.
– Det er fem store hogstmaskiner som går rundt i fylket. Det betyr at vi har ein solid base av entreprenørar som kan ta ned 150–160 tusen kubikk neste år. Skal vi auke ytterlegare må fleire lokale entreprenørar etablere seg, seier Kjelstad.
(Artikkelen held fram under biletet)
Pengar å tene
Prognosen for 2020 er at 250.000 kubikk blir hoggen ned. Det er ei utvikling styreleiaren ønsker veldig velkomen.
- LES OGSÅ:
– Skogen bind CO2. Vi får klimagevinst ved at vi lagrar CO2 i virke og materiale som blir brukt. Så blir det planta om att og endå meir CO2 blir bunde i naturen, seier Kjelstad, og legg til:
– Skogen gir lokale og regionale gevinstar gjennom arbeidsplassar for entreprenørane og verdiar til skogeigarane.
– Er det pengar å tene?
– Ja, definitivt. Vår fordel på Vestlandet er at skogen veks veldig godt her, spesielt granskogen. Samanlikna med Austlandet veks det dobbelt så mykje skog per dekar. Vi tener relativt godt på skog, sjølv om vi har litt høgare driftskostnader med brattare terreng og vegmangel.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Vi må satse og få det gjort
Eitt tre kan vere verdt mellom 500 og 1000 kroner.
I Jølster håpar Støfring å skape nok verdiar til å rydde opp, plante nytt, bygge gjerde og vegar, og kanskje ha att ein liten skjerv etterpå.
Trea til Støfring skal reise langt. Kjelstad fortel at det ikkje finst industri på Vestlandet som tek i mot den mengda tømmer som blir hoggen. Difor blir det sendt med båt til Tyskland eller Sverige, der trelasta går vidare ut til verda.
- LES OGSÅ:
På grunn av kø hjå entreprenørane som driv profesjonelt, kan det ta litt tid å få skogen hoggen og sendt ut. Men Støfring tok valet, og vil at andre skal gjere det same.
– Det tek ein god del tid å ta det ned, og mange månader å plante nytt. Men eg trur vi som har denne skogen må bestemme oss om vi tek han ut. Og så må vi satse og få det gjort, seier han.