– Ja, det var kjekt å endeleg få dei, seier Silje Anita Jenssen.
Feriepengane er komne på kontoen til Jenssen, og i ein møbelbutikk på Nordfjordeid er nokre kroner på veg ut allereie. Ho har sett seg ut ein ny kommode.
– Feriepengane vert brukt på ungane og oppussing av leikerommet til ungane, seier Jenssen.
Ho gjer også som nordmenn flest, brukar noko av feriepengane på nettopp ferie. Men ifølgje forbrukarøkonomar er det fort gjort å få ein nær umerkeleg pengegalopp når kontoen er velfylt.
Ferie, forbruk og sparing
– Har vi ekstra pengar tilgjengeleg har vi ein tendens til også å bruke meir. Pengane sig sakte, men sikkert ut av kontoen, seier forbrukarøkonom Elin Reitan i Nordea.
Reitan meiner det er bra om feriepengane vert brukt på nettopp ferie.
– Vi veit at mange ferierer på lånte pengar og då er det fort gjort å kome heim til ein økonomisk blåmåndag.
I tillegg til feriepengar får mange også skattepengane på konto i desse dagar. Ekstra pengar gir mange moglegheiter.
– I tillegg til ferie så brukar mange pengane på sparing eller til å betale ekstra ned på gjeld. Ein god del investerer i hus, hage og større forbruksartiklar som ein kanskje har ønska seg i lang tid, seier Marianne Frønsdal, forbrukarøkonom i Sparebanken Vest.
Unngå blåmåndag
Eit krystallklart råd går att frå forbrukarøkonomane; sett deg ned og lag ein plan.
– Planlegg kor mykje av pengane som skal gå til ferie og gjer deg opp ei meining om kva du har lyst å bruke dei på, slik at det ikkje berre går til å auke forbruket litt kvar dag, seier Frønsdal.
– Det er kjempelurt. Då får du mest mogleg ut av dei pengane du har, seier Reiten.
Forbrukarøkonomane sine beste tips til bruk av feriepengar:
- Lag deg ein plan.
- Lag eit feriebudsjett for sjølve ferieturen.
- Betal ned dyr gjeld.
- Spar om du kan: i BSU, til pensjon eller i ein reservekonto for ein regnversdag.
- Unngå impulskjøp du angrar på i august.
Men det er ikkje berre ein peikefinger å få frå ekspertane.
– Feriepengar kan ein også bruke til å slappe av og nyte livet, men bruk dei likevel med fornuft, seier Frønsdal.
Ny trampoline
Silje Anita Jenssen er på handletur med bror sin, Alexander. Firebarnsfaren har sett summen på kontoen auke, men noko langtur blir det ikkje i år.
– Vi skal ta fleire kortreiste feriar i nærområdet, seier Alexander Jenssen.
Mesteparten av pengane går til ungane.
– Det blir litt oppussing av eit barnerom og så skal vi gjere litt på uteområdet, kjøpe disse og trampoline.