Hopp til innhold

Ekspert meiner fylkeskommunen kan selje Fjord1 til Torghatten

– Sunnmøringen Per Sævik kjem truleg ikkje langt med noko søksmål mot fylkeskommunen i samband med salet av Fjord1. Det meiner ein av Norges fremste ekspertar på forrretningjuss, professor Tore Bråthen.

Jusprofessor Tore Bråthen ved Handelshøyskolen BI

Professor Tore Bråthen er ein av Norges fremste ekspertar på forretningsjuss. Han meiner Per Sævik truleg ikkje har forkjøpsrett til Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1.

Foto: Meek, Tore / SCANPIX

Ved at fylkeskommunen sel holdingselskapet som eig Fjord1, og ikkje aksjane i sjølve Fjord1, vil ikkje Sævik få forkjøpsrett, meiner den røynde professoren som jobbar ved Handelshøgskulen BI.

Bråthen har dermed eit anna syn på saka enn Per Sævik og advokatane hans. Sævik eig 41 prosent av aksjane i Fjord1 gjennom selskapet Havilafjord. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig dei resterande 59 prosent av aksjane i ferjeselskapet.

Ikkje eigarskifte i Fjord1

– Umiddelbart tenkjer eg at Per Sævik ikkje har forkjøpsrett. Fjord1 får ingen nye eigarar ved at aksjane i holdingselskapet blir selde. Det er eigarskifte i Fjord1 som utløyser forkjøpsrett for Sævik, seier Bråthen.

Så du meiner saka er rimeleg klar reint juridisk?

– Eg vil iallfall seie at fylkeskommunen har dei beste korta på handa. Å seie at det er hundre prosent sikkert at fylkeskommunen kjem sigrande ut, det tør eg ikkje.

Kva med den moralske sida i denne saka?

– Det er ein forkjøpsrett som er basert på kva lova seier. Kva folk måtte meine om det er moralsk rett å gjere salet på denne måten har ingen innverknad på jussen, seier Brathen.

Professoren legg til at det ikkje er uvanleg at det blir nytta holdingselskap i samband med salsprosessar, nettopp for å unngå at nokon får forkjøpsrett.

Harde ord frå Sævik

Fylkesrådmannen rår til at fylkeskommunen gjennomfører eit stegvis sal av Fjord1-aksjane sine til transportselskapet Torghatten med hovudbase i Brønnøysund.

Per Sævik

Per Sævik har karakterisert fylkeskommunen sin framgangsmåte som 'svært uryddig' og 'usmakeleg'.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sævik viser på si side til at han er minoritetseigar i Fjoird1 og at han dermed har forkjøpsrett til resten av selskapet. Sævik har karakterisert fylkeskommunen sin framgangsmåte som "særs uryddig" og "usmakeleg". Om naudsynt går Sævik til Høgsterett med saka.

Blir avgjort komande måndag

Komande måndag skal politikarane i fylkestinget avgjere kva dei vil gjere med eigarposten i Fjord1. Skal dei sitte på aksjeposten og håpe på gode utbyte i åra som kjem, skal dei selje til Torghatten, eller skal dei selje til Per Sævik? Svaret får vi truleg komande måndag.

Glad Følling

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er glad for signala frå professor Tore Bråthen.

Jenny Følling leia arbeidsgruppa

Jenny Følling er glad for signala frå professor Tore Bråthen om at Per Sævik truleg ikkje har forkjøpsrett til fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1

Foto: Hans Jakob Reite

– Bråthen sin måte å sjå dette på er i samsvar med måten vi ser på saka. Vi har heile tida meint at eit sal til Torghatten ikkje utløyser forkjøpsrett for Per Sævik, seier Følling. Ho viser vidare til at eksterne konsulentar også ser på saka.

Dette blir gjort for å unngå at fylkeskommunen skal gjere noko som er i strid med lovverket. Per Sævik har ikkje vore tilgjengeleg for å kommentere Bråthen sitt utspel.