Hopp til innhold

Ekspert fryktar skrantesjuke kan spreie seg til menneske

Mens norske styresmakter utryddar ein villreinstamme for å bli kvitt skrantesjuke, fryktar ein leiande ekspert på sjukdommen at den kan spreie seg til menneske.

Statlege jaktlag jaktar villrein i kampen mot skrantesjuke.

JAKT: Statlege jaktlag heldt i desse dagar på med å skyte ned resten av stammen med 2200 villrein i Nordfjella. Målet er å vera ferdig innan 1. mai i år.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Professor i mikrobiologi ved Colorado State University er bekymra for at mutasjonar kan føre til såkalla zoonose, at ein dyresjukdom spreier seg til menneske, ifølgje Nationen.

– Eg trur det store spørsmålet om skrantesjuke til sjuande og sist handlar om zoonose-potensialet. Står vi overfor ein ny kugalskapsaugneblink, spør Mark Zabel, som er ein av dei leiande ekspertane på skrantesjuke.

Norsk gåte

Etter at ein smittsam variant av skrantesjuke vart oppdaga i villreinområdet Nordfjella, har norske styresmakter sett inn store ressursar for å hindre spreiing av den dødelege dyresjukdommen. All villrein i området skal innan sommaren vere utrydda – totalt 2.200 dyr.

Tidlegare er sjukdommen berre blitt påvist i USA, Sør-Korea og Canada, og forskarane klør seg i hovudet over at den no har dukka opp i det norske høgfjellet. Tidlegare spreiing har nemleg blitt forklart med import av dyr eller annan kontakt mellom dyra.

Forskinga på skrantesjuke viser at sjukdommen er under utvikling, og mykje tyder på at den i prinsippet kan oppstå spontant. Dersom utbrotet i Noreg ikkje har spreidd seg frå USA, vil dette kunne bekrefte denne teorien.

– Spørsmål om tid

Skrantesjuke er ein såkalla prionsjukdom, som kjem av feildanna protein i hjernen, ofte kalla prion. Den mest kjente prionsjukdommen er kugalskap, som vart ein trussel då den begynte å spreie seg til menneske.

Forsking gjort av Zabels kollegaer, har vist at skrantesjuke-prion kan kopiere menneskelege prionprotein.

– Dersom vi går ut frå at skrantesjuke er ein relativt ny prionsjukdom, tyder desse dataa på at skrantesjukepriona berre så vidt har begynt å utvikle seg. Då er utviklinga av skrantesjukeprion som kan smitte menneske, berre eit spørsmål om tid, seier Zabel til Nationen.

Sylvie Benestad

FORSIKTIG: – Det er klart at ein må vera forsiktig, men ut ifrå det vi veit er ikkje skrantesjuke smittsamt til menneske. Eg trur ikkje det er grunn til å vera bekymra, seier seniorforskar ved Veterinærinstituttet, Sylvie Benestad

Foto: Eivind Røhne

Men seniorforskar ved Veterinærinstituttet, Sylvie Benestad, seier det ikkje er påvist nokon samanheng mellom den menneskelege varianten og hjortedyr varianten av skrantesjuke.

– Dei har hatt skrantesjuke i Nord-Amerika i 50 år. Ingen personar som er smitta i desse regionane, så det er lite sannsynleg at skrantesjuke kan smitte menneske. Mark Zabel er ein veldig dyktig forskar, men forsøka han har gjort er i eit laboratorium og ikkje i verkelegheita, seier Benestad.

Forbod mot luktestoff

Men det finst andre moglege forklaringar på korleis skrantesjuke har komme til Noreg. Fleire har tidlegare peikt på at den kan ha spreidd seg gjennom importerte luktestoff frå hjortedyr. Luktestoffa blir brukte av jegerar for å lokke fram dyr under jakt.

Tidlegare i haust skjerpa Mattilsynet reglane, og forbaud produksjon, sal eller bruk av naturlege luktestoff frå hjortedyr i Noreg og enkelte område i Sverige og Finland.