NRK Meny

Ekspedisjonen er i mål

Sigrid Henjum frå Leikanger har padla kajakk rundt Sør Georgia.

Video Sognejente padlar i Antarktis

Sjå førebuingane til turen

Artikkelen er flere år gammel.

Turen, som ho gjennomførte saman med Tormod Austring, Dag Marius Ammerud og Simen Havig-Gjelseth, tok 20 dagar. Ekspedisjonen har vore heilt sjølvforsynt, skriv Sogn Avis.

Cognac på stranda

1. desember kom gjengen til Grytviken. På stranda vart dei møtt av dei som jobbar der. Dei sende opp nødbluss og skipparen kom med cognac.

Ekspedisjonen sette ny rekort i tidleg start på siste etappen, då dei var på vatnet klokka 03.15 om natta.

"Glisa vart større og større etterkvart som me byrja å kjenna oss igjen og vel i land kunne jubelen sleppa laus", fortel dei på bloggen.

Angripne av pelssel

Undervegs har dei mellom anna vorte angripne av pelssel, og Sigrid fekk ei natt kajakken sin øydelagt av ein elefantsel. Men skaden klarte dei å reparera, og no startar seglasen mot Falklandsøyane.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar