NRK Meny
Normal

Eksamen på nett i Florø

Avgangselevane ved Flora vidaregåande skule skal kanskje skriva norskeksamen på nett i vår.

PC-tastatur
Foto: Lise Åserud / Scanpix

Flora vidaregåande skule har søkt om å få vere med i eit prøveprosjekt med digital eksamen i vår. Dersom søknaden blir innvilga, får elevane i avgangskullet i Florø skriva norskeksamen på nett.

Fylkesdirektøren for opplæring har støtta søknaden, og det er Utdanningsdirektoratet som avgjer kva skular som får vere med i forsøket.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.