Hopp til innhold

Eks-direktør skulda for å ha stole store mengder sensitiv informasjon

Leiinga i dataselskapet Enoro meiner at den tidlegare toppsjefen i verksemda tok med seg svært sensitive opplysningar om verksemda då han slutta. No vurderer dei søksmål mot eksdirektøren.

Elis i Dale.

VURDERER SØKSMÅL: Enoro-leiinga meiner dei har sterke bevis mot den tidlegare toppsjefen. Arkivfoto av lokala til Enoro i Dale.

Foto: Oddmund Haugen

Avisa Firda melde onsdag at det hadde vore razzia hos to bedrifter. NRK har fått stadfesta at bedriftene det gjeld er Enoro med hovudkontor i Dale i Sunnfjord og lokala til det nystarta firmaet til den tidlegare administrerande direktøren i Enoro.

I ei slutning frå Fjordane tingrett kjem det fram at det blei gjort razzia hos den tidlegare direktøren i Enoro, samt hos to andre tidlegare tilsette som også har hatt sentrale posisjonar i verksemda.

Fekk ingen varsel om razzia

Dei to jobbar no i den nye verksemda til den tidlegare direktøren, som i mange samanhengar har vore ein profilert næringslivsleiar i Sogn og Fjordane.

– Bevissikringa blir gjennomført av Namsmannen i Førde og Naustdal, utan føregåande varsel, så vidt mogleg samtidig, står det i avgjerda frå tingretten.

Dei tre tidlegare Enoro-tilsette blei i samband med bevissikringa pålagt å gje Namsmannen tilgang til alle datamaskiner, telefonar og anna dei disponerer for lagring av elektroniske data. Dei måtte også gje frå seg alle private epostadresser, brukarnamn og passord.

NRK har gjentekne gonger prøvd å få kontakt med dei tre, men utan hell.

– Hatt ein klar mistanke

Konsernsjef i Enoro, Anders Haakon Lier, slår fast at dei er overtydde om at den tidlegare leiaren i verksemda har misbrukt si stilling til å sikre seg store mengder informasjon, mellom anna hemmelege tilbodsdokument som Enoro har sendt ut.

Enoro

TOPPSJEF: Anders H. Lier seier at dei har hatt mistanke om at den tidlegare leiaren i Enoro.

Foto: Geir Ivar L. Ramsli / Enoro

– Eg kan stadfeste at vi har initiert ei vurdering av vår rettsstilling, knytt til det vi meiner er misbruk av forretningssensitiv informasjon. Vi har hatt ein klar mistanke om ulovleg lagring av informasjon frå vedkomande, seier Lier til NRK.

Lier slår fast at Enoro no vurderer å gå vidare med eit sivilt søksmål i samband med dei meiner er tapping av store mengder data.

Skal ha sletta epost

Dei har også brukt datatryggleiksfirmaet Ibas til å sikre det meiner er bevis for dette. Dei meiner mellom anna at den tidlegare leiaren i Enoro sletta all eposten sin før han slutta.

Det var namsmannen i Førde og Naustdal som etter avgjerd frå Fjordane tingrett reiste ut og gjorde det retten kallar bevissikring. Politiet si rolle i saka er berre som hjelpar for namsmannen, og det er førebels ikkje oppretta noko etterforsking.

– Det dreiar seg om ei såkalla sivil sak, der eg som namsmann har handla etter oppdrag frå tingretten. Utover det har ikkje politiet noko rolle i dette, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit, til NRK.