Hopp til innhold

Legar får skarp kritikk etter at dei sende heim eittåring med feber og krampe etter vaksine

To legar får knallhard kritikk etter at dei ikkje la ein alvorleg sjuk eittåring inn på sjukehus. Barnet hadde høg feber, kramper og spydde etter ei vaksine.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

GIR KRITIKK: Fylkeslege Per Stensland ser alvorleg på at eittåringen ikkje blei tatt på alvor av dei to legane.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Det skal vere heilt unødvendig for foreldre å knegå legar for å få tilsyn på ein eittåring som er alvorleg sjuk. Det har vi gjort klart for desse legane, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland.

Foreldra oppsøkte legevakta etter eit knapt døgn etter at barnet hadde utvikla alvorlege symptom. Dei var uroa, men legevaktlegen tok dei ikkje på alvor, meiner fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Den første legen fekk saka referert og fann ikkje grunn til å undersøke barnet og sende familien heim. Dette ser vi alvorleg på og har konstatert at dette er eit lovbrot i høve helsepersonellova. Legen og familien er orientert om det, seier fylkeslegen til NRK.

Det går tre dagar. Barnet har mindre feber, men er særs medteken og har nokon uvanlege anfall. Legen undersøker barnet og høyrer på foreldra, men konkluderer med at barnet ikkje skal leggjast inn på sjukehus.

– Vi ser svært alvorleg på dette også. Det er alvorlege symptom som ikkje har gått vekk etter tre-fire dagar hos eit eitt år gamalt barn. Legen sørger ikkje for at barnet får kontinuerleg overvaking og diagnostikk. Dette meiner vi er så alvorleg at det må vurderast med tanke på strengare reaksjon.

Fylkeslege Stensland er ikkje nådig i sin karakteristikk av korleis dei to legane behandla den bekymra familien med det sjuke barnet.

– Dette er ei real skrape i lakken, slår Stensland fast.

Dagen etter det siste besøket til legevakta oppsøkte dei fastlegen sin og han la barnet inn på sjukehus med ein gang. Deretter fekk barnet eigna legehjelp.