Formannskapet ynskjer at ein skal starte arbeidet omgåande. Dei som stemte i mot var to frå Senterpartiet og ein frå SV.
No går saka vidare til bystyret i Førde, som skal ta stilling til spørsmålet 28. februar.
Ordførar Aud Viken meiner alle endringane i offentleg sektor tvingar kommunane saman.
Rådmann Asbjørn Schei i Førde har gått sterkt inn for ei samanslåing. I tilrådinga til formannskapet skreiv han at innbyggarane vil merke ei samanslåing best på at det blir lettare å rekruttere fagfolk til ein storkommune, ettersom ein får etablert større og meir kompetente fagmiljø. Ei tidlegare utgreiing har vist at dei fire kommunane kunne spare inntil 30 millionar kroner årleg på ei samasnlåing.