Hopp til innhold

Eitt steg nærare ei løysing

Kommunestyret i Eid har i ettermiddag gått inn for å halde fram sin del av avtalen om eit felles overgreps- og valdsmottak i Førde. Politikarane går inn for å vere ein del av dagens samarbeid ut 2016, men vil jobbe vidare med å få til ei lokal løysing i Nordfjord frå 2017, seier ordførar Alfred Bjørlo (V). Framtida til overgrepsmottaket har vore usikker på grunn av manglande semje blant kommunane om den vidare drifta. Støtte frå Eid kommune har vore viktig. NRK kjem tilbake med meir.