Hopp til innhold

Eitt steg nærare bankoppkjøp

Konkurransetilsynet har klarert Nordea sitt oppkjøp av Gjensidige Bank for 5,5 milliardar. No ventar berre Finansdepartementet si velsigning.

Gjensidige bank skjenker kaffi

NÆRARE: Børre Sten Gundersen i Nordea (i midten) var i juli i Førde for å orientere Tor Egil Nedrebø og resten av dei 53 tilsette om oppkjøpet.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– No er vi eitt steg nærare realiseringa av oppkjøpet, konkluderer John Sætre, leiar for personmarknaden i Nordea Noreg, i ei pressemelding.

John Sætre

NØGD: – Oppkjøpet av Gjensidige viser at vi ynskjer å satse på personmarknaden i Noreg. Vi ser fram til å starte arbeidet med implementeringa, seier John Sætre i Nordea.

Foto: Johnny Syversen

Nordea gjekk 2. juli i år inn avtale om å kjøpe alle aksjane i Gjensidige Bank for 5,5 milliardar kroner. Oppkjøpet gir Nordea Noreg 170.000 nye kundar på personmarknaden.

– Godkjenninga er som venta, seier banksjef Tor Egil Nedrebø til NRK og viser vidare til informasjonssjef Christian Haraldsen for ytterlegare kommentarar.

Heller ikkje Haraldsen er overraska over at Konkurransetilsynet godkjenner oppkjøpet.

– Deira oppgåve er å passe på at det er tilstrekkeleg konkurranse. Det er så mange bankar i og så sterk konkurranse at det ville vere overraskande om dei meinte dette kjøpet ville vesentleg redusere konkurransen, seier Haraldsen til NRK.

Christian Haraldsen, kommunikasjonssjef Gjensidige

HELD FRAM: – Dette betyr at prosessen med oppkjøpet held fram, og at vi ventar på konsesjon frå Finansdepartementet så avtalen kan sluttførast, seier informasjonssjef Christian Haraldsen i Gjensidige Bank.

Foto: Gjensidige

Gjensidige Bank vart i si tid starta i Førde i 2006, og har i dag 53 tilsette. Per i dag har banken utlån til privatmarknaden på kring 45 milliardar kroner i Noreg.

Etter oppkjøpet vil Nordea Noreg ha utlån til privatmarknaden på kring 578 milliardar.

Overtakinga er planlagt gjennomført i første kvartal 2019. Etter planen skal kundane frå Gjensidige Bank migrerast over til Nordea i løpet av 2019. Men før den tid må Finansdepartementet godkjenne overtakinga.

Det er framleis uvisst kva som skjer med dei tilsette i Førde.

– Det som er sagt er at ein ventar at Nordea overtek Gjensidige Bank tidleg neste år. Då vil Nordea kunne starte og passe Gjensidige Bank si verksemd inn i Nordea. Då får vi vite meir, seier Haraldsen.