Førdianaren skaut ein bom og gjekk inn til 6. plass på 10 kilometer sprint under IBU-cupen i italienske Ridnaun-Val Ridanna.
Gutubø Bogetveit var berre eitt sekund frå å kapre den siste pallplassen, men måtte sjå meir meriterte Maxim Tsvetkov (Russland) ta denne med 1,2 sekunds margin.
Vann gjorde Christoph Sumann (Austerrike) , med Alexey Slepov (Russland) på sølvplass. Det skilde 20,5 sekund frå Sumann til Gutubø Bogetveit.
Som beste nordmann i rennet burde bør han ha godt med sjølvtillit inn mot måndagens ti kilometer sprint på same stad.
Lars Helge Birkeland vart søndag nummer 7, Erling Ålvik nummer 29 og Erlend Bjøntegård nummer 30.