Hopp til innhold

Eitt poeng ikkje nok mot Molde

Isolert sett ville Håvard Flo vore nøgd med eitt poeng borte mot Molde. Dersom Sogndal hadde plukka nok poeng på heimebane.

Ole Gunnar Solskjær og Håvard Flo
Foto: Oddleif Løset / NRK

- I utgangspunktet er sjølvsagt uavgjort mot ein slik motstandar ok, men med berre eittpoengarar blir det lite i sum. Hadde me fått utteljing i heimekampane kunne me spelt for eitt poeng, men det har me ikkje fått, seier Håvard Flo i Sogndal Fotball.

Difor reknar han med at Sogndal går offensivt til verks når dei møter Molde på Aker Stadion klokka 20.00 i kveld.

Følg Molde - Sogndal frå klokka 20.00 her

Champions League på onsdag

Molde ligg før kampen på andreplass på tabellen, åtte poeng bak Strømsgodset.

Men Ole Gunnar Solskjær må ha fleire tankar i hovudet for tida. Allereie på onsdag møter dei sterke Basel frå Sveits på bortebane i returoppgjeret i kvalifiseringa til Champions League.

(Artikkelen held fram under biletet)

Davy Claude Angan

UTVIST: Etter raudt kort i første kamp mot Basel er Davy Claude Angan suspendert på onsdag. Dermed er toppskåraren sannsynlegvis med mot Sogndal.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

- Det kan jo sikkert vere forstyrrande. Dei må forvalte mannskapet slik at dei er klare til den meget vanskelege kampen i midtveka, men samtidig må dei halde trykket oppe i eliteserien. Dei kan fort bli veldig akterutsegla i forhold til Strømsgodset, seier Flo.

Santos frå start

Ricardo Santos

SPELEKLAR: Ricardo Santos dannar spisspar saman med Stian Dygeland.

Foto: Arve Uglum / NRK

Overgangen til den brasilianske spissen Ricardo Santos frå Djurgården er fullført, og forsikringspapira hans vart levert av Sogndal-leiar Egil B. Mundal laurdag føremiddag. Dermed er alle formalitetar på plass, og 25-åringen tek dermed plassen til suspenderte Ulrik Flo i Sogndal-angrepet.

Stefan Aase har også vorte speleklar for Sogndal i løpet av den siste veka, men han er ikkje med til Molde. Thomas Ness og Joakim Rudolfsen er også att i Sogndal på grunn av skader, medan Stephane Diarra Badji starta på benken i Senegal sin OL-kvartfinale som starta 15.30 laurdag.

Eikrem ute

Molde sin kanskje viktigaste spelar, playmaker Mathias Wolff Eikrem har karantene for tre gule kort, utan at det har oppteke Sogndal-leiinga så mykje.

- Molde har ein brei stall og kan kaste inn folk som er nesten like gode. Me tenker mest på vårt spel og våre spelarar, seier Flo.

To strake Sogndal-sigrar

Tradisjonelt har Molde vore Sogndal overlegne i statistikken over oppgjer dei imellom, men ikkje den aller siste tida. I siste seriekamp i fjor haust slo Sogndal Molde 2-1 på Fosshaugane etter to mål av Tore André Flo, medan Ulrik Flo og eit sjølvmål gav Sogndal 2-1 i heimemøtet mot Molde i vår.

Sist gong Sogndal vann på Aker Stadion var i cupen i 2010, då Barry Kader (2) og Ulrik Flo gav Sogndal 3-1 og avansement.

Sannsynleg startellevar for Sogndal: Udjus - Skaasheim, Patronen, P. E. Flo, Teniste - Mane, Bakke, Furebotn, Brochmann - Santos, Dyngeland.