Retten fann det bevist at det dei to hadde utsett Arve Beheim Karlsen for før han drukna 23. april 1998 var rasisme, og at valden som vart utøvd mot han var rasistisk motivert. Retten meiner også at skjellsord og ytringar som "den jævla negeren", "nigger", "berre ein liten neger" og "den helvetes svartingen", er rasisme. Likevel blei dei altså ikkje dømde, fordi rasismeparagrafen krev at dei rasistiske ytringane må spreiast i det offentlege rom. I dette tilfellet blei rasistiske ytringar spreidde overfor Beheim Karlsen sjølv og i nærmiljøet hans.
Denne saka skulle vere eit oppgjer med kvardagsrasismen, men i staden blei det altså slege fast at det ikkje finst paragrafar i det norske lovverket, som opnar for straff etter slik rasisme. Den eine tiltalte er kun dømd for å ha jaga Beheim Karlsen i retning Sogndalselvi der han drukna. For dette fekk han eit halvt års fengsel, der halvparten er på vilkår. Den andre blei dømd for fleire tilfelle av vald mot Arve Beheim Karlsen, i tillegg til trugsmål. Han blei dømd til tre års fengsel. Begge har alt sona to månader gjennom varetekt.
Til slutt i dommen har sorenskrivaren, Steinar Velle, ein epilog, som opnar med orda; "Saka er først og fremst ei trist historie om mobbing og rasisme og kva det kan føre til". Her kjem Velle med noko som kan tolkast som politiske utspel om rasisme, generasjonskløfta og ikkje minst alkoholpolitikk. Det er svært uvanleg at dommarar går til slike steg. Men Knut Storberget, advokat til den eine av dei tiltalte, er svært glad for det Velle gjorde.
Mor til Arve, Kari Beheim Karlsen, er nøgd med at dei to vart dømde. Men ho forstår ikkje at dei vart frikjende etter rasismeparagrafen, og difor håpar ho at dommen blir anka.