NRK Meny
Normal

Linda skulle berre bli her i eitt år - no har det vorte åtte

Linda Vøllestad Westbye er frå Drangedal i Telemark. Ho bestemde seg for å flytte til Førde og prøve det ut i eitt år. No har ho vore her i åtte år og stifta familie og bustad i fylket.

Created by InfoDispatcher

– Eg kan køyre frå jobb kvart på fire, og vere heime fem på fire. Då har eg i tillegg vore å henta i barnehagen, skryt Westbye.

Ein utruleg kort veg til jobb utan kø eller rush, i tillegg til gode offentlege tilbod i nærleiken var nokre av dei mange grunnane for at Linda Vøllestad Westbye valde å bli verande i Førde.

I 2007 fekk Linda sin mann turnuslege-plass i Førde, noko som vart avgjerande for at det unge paret flytta. Planen var å vere i Førde i eit år, men Westbye var så fornøgd med fylket at dei har no vore her i åtte år.

– Plutseleg såg eg ei stillingsannonse der Lotteritilsynet ville ha ein samfunnsvitar, eg synst det var heilt fantastisk å sjå, for då fekk eg moglegheita til å bruke utdanninga mi.

Robuste for framtida

Linda Vøllestad
Foto: Elias Engevik / NRK

I løpet av det siste året har det vore store prosessar med snakk om kommunesamanslåingar. Westbye som kjem frå Telemark meiner det er på tide at kommunane i Sogn og Fjordane gjer seg robuste for framtida.

– Sunnfjord har mange små kommunar som allereie har mykje samarbeid i dag, så då tenker eg at vi må gjere oss robuste for framtida og slå oss saman. Det er jo den vegen politikken går no, meiner Westbye.

Sogn og Fjordane treng fleire innbyggarar, både for å auke folketalet, men også for å få innverknad frå tilflyttarane, seier Westbye.

– Eg trur Sogn og Fjordane har godt av oss innflyttarar som kanskje har litt andre nye meiningar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå