Hopp til innhold

Eitt år sidan storbrannen herja i Lærdal

Natt til 19. januar 2014 vart infernoet lærdølane aldri vil gløyme. Søndag har det gått eitt år sidan storbrannen herja i Lærdal, men det vil ta år før bygda inst i Sogn er heilt tilbake til normalen.

TV-sendinga frå Spellemannsprisen 2014 i Stavanger gjekk mot slutten då Alarmsentralen i Sogn og Fjordane fekk melding om ein husbrann.

– Det har vore eit veldig langt år. Det kjennest som veldig lenge sidan no. Vi har gjort så mykje og drive med så mange ting vi ikkje hadde planlagt. Det er eit slikt år du aldri håpar å få tilbake, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) til NRK.no.

Langvarig tørke og kastevindar

Klokka var 22.56 laurdag 18. januar når Lærdal brannvesen fekk ordre om å rykke ut til det som var éin ordinær brann. Klokka 23.06 var huset overtent. Det vart starten på det som ingen trudde skulle kunne skje.

I fleire dagar hadde det blåst stiv austavind nedetter dalføret, så også denne kvelden. Kombinert med ein uvanleg tørr vinter, spreidde sterke kastevindar flammane vidare til hus etter hus.

Utover natta spreidde brannen seg fleire hundre meter. Raskt var også det verna trehusmiljøet i Lærdal truga.

– Vinden hadde hovudrolla. Vi var i grunn berre statistar, uttalte brannsjef Guttorm Gullaksen til NRK etter brannen.

«På ein merkeleg måte har vi komme styrka ut av det. Og det seier mange kan vere ein effekt av større katastrofer.»

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal (Sp)

Flammane nådde freda bymiljø

Eitt av dei siste husa som tok fyr, var det freda Sønneva Eris hus frå om lag 1840. Bygget har husa både bakeri, telegrafstasjon og gjestgiveri.

Brannen hadde dermed nådd området som er rekna som ein nasjonal kulturskatt. 160 bygningar på Gamle Lærdalsøyri står på det Riksantikvaren definerer som eitt av dei viktigaste og best bevarte bymiljøa frå 1700- 1800-talet i Norge.

Først i morgontimane søndag 19. januar fekk brannmannskapa kontroll. Til saman fire verneverdige bygningar kjekk med. Dei hardast råka områda var ordinære bustadområde av nyare dato. Telefon, straum og internett låg nede. Telenor sin sentral var brent ned. Sjukehuset i bygda, som ei stund også var utan straum, fungerte som varmestove og kommunikasjonssentral.

– Det tøffaste har vore å tenke kvar dag på alle som har mista heimane sine. Det er det ikkje tvil om. Og det var så mange. Det er dei ein tenkjer på mest, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Norsk dokumentar. Mot kraftig vind og eit flammehav som truga med å sluke heile sentrum, kjempa bygdefolk og brannvesen med livet som innsats for å berge bygda si. Natta til 19.januar herja ein av dei mest øydeleggjande brannane i norsk etterkrigstid Lærdalsøyri i Sogn.

Det sterke samhaldet

Lærdal kommune sine offisielle tal viser at 42 bygningar, inkludert garasjar brann ned. Heimane til 71 personar var borte.

– Eg synest dei som var råka er utruleg sterke og flinke. Dei har det inn på kroppen kvar dag. Eg klarer ikkje å setje meg inn i korleis dei har det. Utad har dei stått fram som utruleg sterke, seier ordføraren som raskt vart bygda sitt ansikt utad for ein heil nasjon.

Jan Geir Solheim
Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Til saman 17 brannvesen, Sivilforsvaret, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, politi og helsestell var i aksjon brannatta. Og ikkje minst frivillige lærdølar. Innbyggjarar som kjempa for sitt eige og sambygdingane sine nabolag. Alt brannatta viste eit sterk samhald seg. Eit samhald som skulle halde fram gjennom året.

– På ein merkeleg måte har vi komme styrka ut av det. Og det seier mange kan vere ein effekt av større katastrofar. Eg trur det har styrka samhaldet i bygda. Brannen har vist ein styrke i lokalsamfunnet som er heilt unik.

Heile medie-Norge var til stades i Lærdal. Bileta gjekk over heile Europa. Ordføraren tok imot helsingar og støtteerklæringar frå inn- og utland. Dagen etter brannen, mens det framleis rauk frå ruinane kom både statsminister Erna Solberg (H) og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) til bygda. Nokre dagar etter landa kong Harald og dronning Sonja i bygda med eitt av forsvaret sine helikopter.

(Artikkelen held fram under videoen)

Lærdal

Fekk gåver frå heile landet

Mellombelse bustader måtte skaffast. Mange hadde mista alt dei eigde. Frå heile landet, ja sjølv frå utlandet, kom det klede, utstyr og pengegåver som var samla inn og sendt til brannoffera.

– Det var ein enorm omtanke. Det låg ved personlege brev der det stod at vi tenkjer på dykk. Det var veldig rørande å sjå, fortalde leiaren for Frivilligsentralen i Lærdal, Ann Kristin Evensen, i NRK-dokumentaren «På brent grunn».

Deler av alle gåvene som var til overs er tatt vare på i Lærdal og blir lagra i tilfelle nokon treng meir hjelp. Mykje er også sendt vidare til trengande i Aust-Europa.

«Det er flott å sjå alle dei nye husa som kjem opp. Det har no gått fort i grunn. No er det eit år sidan det brann.»

Ingeborg Hunderi, brannråka lærdøl

Ingeborg (85) blant dei første i nytt hus

Sjølv om dei fysiske spora etter storbrannen er i ferd med å bli viska vekk, er Lærdal på langt nær tilbake i normalen, meiner ordførar Jan Geir Solheim.

– Nei, absolutt ikkje. Vi er ikkje det. Vi slit på mange felt. Vi hadde også ein flaum i haust. Den var vi heller ikkje førebudde på. Den var ganske stor i Lærdal også, men for oss var det ein liten katastrofe fordi vi ikkje var ferdige med den førre.

– Når er ein ferdige med brannen?

– Det er vanskeleg å seie. Det er framleis mange sterke kjensler ute i bygda. Det er mange som ikkje er komne heilt i orden att. Ikkje alle har fått ferdig planane for gjenreising av husa sine. Og mange er enno ikkje flytta inn i nytt hus enno. Det kjem til å ta tid. Vi gjort vedtak om at vi må ha to år til på det som går på infrastruktur. Eg trur at kanskje om to-tre år kan vi byrje å seie at vi har lagt det bak oss, anslår ordføraren.

Ingeborg Hunderi sitt nye hus i Lærdal
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Like før jul fekk dei første av dei brannråka lærdølane flytte inn i nybygd hus. Blant dei var Ingeborg Hunderi. 85-åringen mista alt ho eigde då ho med dottera si hjelp flykta frå flammane. Sjølv har ho valt å sjå framover, og ikkje dvele for mykje med det som var.

– Eg har fått meg eit flott hus, og håpar eg kan få nokre år her. Eg kan ikkje få det stort betre, berre helsa held. Det er flott å sjå alle dei nye husa som kjem opp. Det har no gått fort i grunn. No er det eit år sidan det brann, sa 85-åringen nyleg til NRK.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ett år etter at hun flyktet med rullator fra storbrannen Lærdal - flytter Ingeborg Hunderi endelig inn i nytt hus. 
85-årigen tror hun kommer til å trives.

Kampen om pengane

Huseigar Ingeborg Hunderi er strålande nøgd med måten forsikringsselskapet hennar «ordna opp». Skadane på privat eigedom har dei ulike forsikringsselskapa tatt seg av. Men kommunen sine utgifter har derimot blitt eit stridstema. Utgifter knytt til infrastruktur, administrasjon og ulike tiltak, og til dømes det kommunale E-verket. Berre det å få hastevedtatt nye arealplanar og byggeløyve har kosta store ressursar. Det meste av ordinært arbeid har blitt lagt på is.

Kommunen søkte staten om drygt 50 millionar kroner i støtte etter brannen. Så langt har dei fått utbetalt drygt 16 millionar kroner, i tillegg til å vere lova hjelp etter flaumen i haust. Solheim og kommunen har måtte tole kritikk fordi dei inkluderte planar for omstilling og tilrettelegging av nye arbeidsplassar i søknaden.

– Enkelte har skulda dykk for å ha freista å utnytte situasjonen?

– Det kom påstandar om at vi utnytta situasjonen også utanom omstillinga. Det såra veldig, fordi det har vi aldri prøvd. Vi visste ikkje kva vi skulle gjere. Vi visste ikkje kor alvorleg dette ville ramme oss. Økonomisk. No byrjar vi å sjå det. Kommuneøkonomien vår har fått trykket på fleire kantar, ford vi ikkje har jobba med det vi eigentleg hadde tenkt.

Berre det første året reknar ordføraren med at brannen har kosta kommunen 20 millionar kroner. Kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner (H) har tidlegare uttalt til NRK at regjeringa har strekt seg langt, og lenger enn kva som er vanleg i hjelpa som er ytt til Lærdal.

– Kva oppgåver ventar i 2015?

– Det blir meir og meir å komme tilbake ein normal kvardag. Vi må få infrastrukturen i dei brannråka områda heilt på plass att, og følge opp dei prosjekta som vi ikkje har klart å følgje opp. Det er mange plansaker og planarbeid som har ligge heilt dødt eit år. Det er ikkje bra for kommunen, vedgår Solheim.

Norsk dokumentar. Natt til 19. januar i år blei Lærdalsøyri herja av storbrann. Flammehavet slukte 40 bygningar, 70 menneske stod utan hus. I snart eitt år har NRK følgt gjenoppbygginga og kampen for å ta kvardagen tilbake.

Skal i brannsikrast

I kommunen som står på den statlege Robek-svartelista over kommunar med betalingsvanskar, har det likevel også skjedd framsteg som følgje av katastrofen.

Brannsikringa av det verna trehusmiljøet på Gamle Lærdalsøyri hadde stått på staden kvil sidan 2011 då brannalarmen gjekk. Etter den eldfulle januarnatta kom Riksantikvaren på banen. Ein eigen byantikvar er tilsette og får ansvaret for vedlikehald og brannsikring i tillegg til ein eigen prosjektleiar i kommunen.

Og blant lyspunkta er eit blomstrande kulturliv som ikkje let seg knekke av at bygda var i unntakstilstand. Alt helga etter storbrannen vart ein stor fotballcup arrangert i Lærdal. 17. mai marsjerte lærdølane som vanleg gjennom gatene. Mellom brannruinane gjekk fleire i lånte bunader, men dei stod saman og markerte nasjonaldagen, som alltid. Midtsommar trakk Lærdalsmarknaden som vanleg publikum i hopetal.

– Det er viktigare enn nokon gong at vi følgjer opp med arrangement og alt som vi er flinke til i Lærdal. Det har elles gått bra. Vi har gjennomført enormt mange arrangement. Det imponerer meg grådig, fastslår ein stolt ordførar.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gamle Lærdalsøyri
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Glad for at dei var små

– Du hadde bak deg knapt 2,5 år som ordførar då brannen råka. Kva har den gjort med deg personleg?

– Det veit eg ikkje enno. Eg har vel kanskje ikkje hatt tid til å tenke på det. Det har i alle fall styrka meg i trua på Lærdal-samfunnet. Det er heilt utruleg! Det har også styrka meg i trua på ein veldig viktig ting i debatten vi har nasjonalt: Små einingar, lokalkunnskap tilhøyrsle og hjarte for staden, betyr alt i krise.

Men nettopp store einingar har blitt aktualisert gjennom brannen som råka Lærdal. Brannressursar heilt frå Florø og Førde i nord, til Bergen i sør måtte hjelpe til under sløkkingsarbeidet. Ein rapport frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) konkluderte med eit ønske om større brannvesen, og kritiserte det lokale brannvesenet for å ha vore dårleg organisert og hatt mangelfulle rutinar for å leie aksjonen.

Ordføraren frå Senterpartiet har likevel klokkartru på små einingar og små kommunar.

– Det betyr alt under sjølve krisa. Og det betyr alt i tida etterpå. Eg er i alle fall blitt heilt overtydd om at store einingar ikkje er løysinga på alle spørsmål.

– Hadde det ikkje vore enklare om de var ein storkommune?

– Nei. Eg trur faktisk ikkje det hadde gått på same måte. Her har vi tatt vare på enkeltmenneska. Vi har sett dei. Vi har fått eit mykje nærare personleg forhold til alle. Eg trur absolutt at små einingar er det beste når slike kriser råkar, seier Jan Geir Solheim.