Hopp til innhold

Eitt år før fylket opphøyrer: Her skal dei utvide for 12 millionar kroner

LEIKANGER (NRK): Samstundes som fylkestinget i det nye Vestland sjeldnare skal bruke salen, vil det noverande fylkestinget i Sogn og Fjordane bruke millionar på opprusting.

Fylkestinget i Firdasalen

BLIR STØRRE: Dagens fylkestingssal blir for liten til å huse det nye fylkestinget i Vestland fylke. No skal eine veggen flyttast for å få eit større rom.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ikkje alle tykkjer dette er ein god ide.

– Å byggje ut for at fylkestinget skal møtest kanskje ein gong i året, samstundes som det skal byggjast opp ein fantastisk konferansesal berre 20 minutt unna i Sogndal, blir for oss heilt meiningslaust, seier Alfred Bjørlo i Venstre.

Firdasalen i fylkeshuset har husa fylkestinget i ei årrekkje. Men nye Vestland fylkesting vil ikkje få plass her. Difor var det foreslått i økonomiplanen å bruke 12 millionar kroner på å utvide og ruste opp salen.

– At vi skal byggje på ein gamal sal, der det ikkje ein gong er hotellfasilitetar til heile det nye fylkestingssetet, trur eg ikkje folk flest vil forstå, sa Bjørlo til NRK rett etter vedtaket var gjort.

Venstre, Høgre, Frp og Miljøpartiet Dei Grøne røysta imot. Ap, Sp, SV og KrF røysta for og fekk fleirtal.

Firdasalen

SKISSE: Slik ser ein føre seg at salen kan bli.

Foto: Rolf Sande / Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Finst alternativ

Fylkestinga blir i dag arrangert to gonger i året på Hermansverk, og to gonger andre stader i fylket. Kviknes Hotel i Balestrand er ein av stadene som blir nytta. Hotellsjef Sigurd Kvikne tykkjer ein kunne brukt pengane annleis.

– Eg hadde nok brukt pengane på noko meir fornuftig, som turisme. I staden for å bruke 12 millionar kroner og kanskje ha eitt fylkesting i året i Leikanger, så er der alternativ fleire stader med eigna møtelokale for eit større fylkesting.

Ved Quality Hotel Sogndal skal ei stor utviding gi over 100 nye rom og ny konferansesal.

– Vi ønskjer all aktivitet og investering i nærområdet velkomen, også dette, sjølv om det ikkje står øvst på vår ønskeliste, seier direktør Jørgen Christian Lindstrøm om vedtaket.

– Naudsynt oppussing

Dagens fylkesting har 31 fylkespolitikarar. Nye Vestland fylkesting får 65. I tillegg kjem administrasjon, media og publikum. Minst eitt av fylkestinga skal vere i Sogn og Fjordane også i åra framover.

Åshild Kjelsnes. Møte i fellesnemda for Vestland fylke, Scandic hotel på Kokstad i Bergen

MINDRE SUM: Fylkesvaraordførar og gruppeleiar for Ap, Åshild Kjelsnes, seier salen ikkje blir så dyr som vedtaket antydar. – Dei 12 millionar kroner er før momsrefusjon, så utgiftene for fylkeskommunen blir under ti millionar kroner.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Fylkesvaraordførar og gruppeleiar for Ap, Åshild Kjelsnes, meiner dagens sal er for liten og treng oppussing.

– Salen vil sjølvsagt ikkje berre bli brukt berre ein gong i året. Salen er i jamleg bruk i dag. Det er ingen grunn til å tru at dette ikkje vil auke på framover.

Ho meiner ein sal som kan romme møte av ein viss storleik, er viktig.

– Vi snakkar også om det administrative, allmøte, konferansar og utleige.

Når salen skal utvidast, blir det lagt vekk på mellom anna auka branntryggleik og universell utforming.

– Dette er ei lita utbygging i den store samanhengen, men har stor betydning for å forsterke posisjonen som administrasjonsstad i nord-delen av nye Vestland fylke.