Han er svært glad for at kontrakten er i boks.
- Det er veldig høgt nivå der, så eg er glad eg får sjansen, seier han.
Eittårs kontrakt
Geir Eithun frå Førde har lenge ønska å spele i Polen. Og i byrjinga av august får han endeleg sjansen til å gjere nettopp det. Han har signert ei eittårs kontrakt med klubben Sjershoff, og håpar det vert betre enn opphaldet i Sør Europa.
Sterk serie
For Eithun har spela i både Hellas, Tyrkia og Italia, i tillegg til landskampar. Og det var med landslaget på turnering i Polen at den nye klubben hans fekk augene opp for førdianaren. Eithun håpar å lære mykje i den nye serien.
- Eg håper eg får eit skikkeleg løft. Vi skal spele i ein sterk serie der vi får mange jamne kampar, seier han.