Hopp til innhold

Eithun og Horrem til topps i Finland - tredje turneringssiger på rad

Sandvolleyduoen Geir Eithun og Iver Horrem viser gryande form. Laurdag vann dei tredje turneringa på rad.

Geir Eithun og Iver Horrem gjekk sigrande ut av første EM-kamp i sandvolleyball.

VANN I FINLAND: Geir Eithun og Iver Horrem vann i dag Nevza-turneringa i Finland, ei sandvolleyturnering for lag frå Nord-Europa. Her frå tilsvarande turnering i Oslo tidlegare i sommar.

Foto: Arrangørane av EM i sandvolleyball: www.cev.lu

Trass triumfen var det ein avdempa førdianar som tok telefonen like etter landing på Gardermoen laurdag.

– Vi må vere edruelege og innrømme at det er ein viss forskjell på nivået i Nord-Europa og Norge kontra Grand Slam i verdsserien. Men det er godt å prestere der vi skal vere best, seier Eithun.

– Avsluttar kampen litt for tidleg

Turneringa i Finland er for lag frå den nordeuropeiske volleyballsona. I år stilte det lag frå Danmark, Finland, Sverige, Norge og England.

Finalen for herrar vart spelt mellom Horrem/Eithun frå Norge og Sheaf/Gregory frå England. Den norske duoen tok sigeren i to strake sett.

– Vi spelar ein veldig bra kamp. Første settet er ganske jamt. Andre settet har vi full kontroll, før vi rotar det litt til på slutten. Alt i alt har vi bra kontroll, men vi avsluttar kampen litt for tidleg, fortel Eithun.

Viktige poeng før OL-kvalik

Dermed held den norske duoen fram med å plukke viktige poeng før OL-kvalifiseringa som startar neste år. For det er OL i Rio i 2016 som er det verkelege målet.

– Poenga kan avgjere om vi kjem med i hovudrundane eller kvalifiseringsrundane til Grand Slam og verdsserieturneringane som startar til neste år. Motstandarane er alltid tøffe, men det er viktig å sleppe kvalik, seier Eithun.

Om dryge to veker ventar ei World Tour-turnering i Kina. Der vil dei få bryne seg på langt betre motstand enn dei har møtt i Finland.

– No har vi hatt tre gode turneringar fram mot den World Touren, så det lovar bra, seier Eithun.