– «Ampere» har hatt fleire barnesjukdommar enn venta, vedgår Norled-sjef

Det første året for Norled på ferjestrekningen Lavik – Oppedal med batteriferja «Ampere», har ikkje gått heilt etter planen.

"Ampere"

TØFT ÅR: Norled meiner å ha fått kontroll på korleis dei skal drifte batteriferja «Ampere» etter eit år med mange barnesjukdommar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Alt i alt er vi fornøgde. Men det er ei skår i gleda at det tok lenger tid enn vi trudde å få ferja «Ampere» i full drift slik vi både trudde og håpte. Det var fleire barnesjukdommar enn venta, seier Inge Andre Utåker i Norled.

For eitt år sidan overtok Norled ferjedrifta på E39 Lavik – Oppedal med batteri-ferja «Ampere». Ferja var karakterisert som banebrytande og miljøvennleg, men ferja sleit med ladinga, og måtte kansellere fleire avgangar.

Nådde ikkje produksjonsmålet

– Vi har ikkje summert saman alle tala, men så langt viser statistikken at Ampere skulle stått for 1/3 av produksjonen, men det klarte vi ikkje. Det skuldast at det tok for lang tid å komme i gang, blant anna fordi kaiene ikkje var klare.

Inge Andre Utåker er regionsjef i Norled

KAN KOMME FLEIRE: Sjølv om batteriferja ikkje heilt har levert som venta, kan det komme fleire batteriferjer, seier regionssjef for ferjer, Inge Andre Utåker.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Etter eitt år meiner likevel Utåker at selskapet har fått kontroll over drifta og ikkje minst teknologien på «Ampere».

– Vi har fått kontroll på "barnesjukdommane" og vi veit no kvar skoen trykker i drifta. Når det er sagt er det relativt liten margin. Det skal lite til med vêr før vi slit med «Ampere». Men no er dette den første batteriferja vi har hatt, og den første i verda, så eg synest prosjektet sånn sett har slått til.

Fleire batteriferjer kan komme

Dermed kan det sjå ut til at det kan bli fleire ferjestrekningar som på sikt vil få batteriferjer, trur Utåker.

– Absolutt. Erfaringane vi har hausta og haustar kvar dag med «Ampere» har betydning for oss i kommande anbodskonkurransar der elektrisk drift er ein truverdig kandidat.

Også miljøgevinsten meiner Utåker har stått til forventningane.

– Det er ei nullutsleppsferje og det er så godt som heilt rett. Det er ein liten dieseltank om bord, men den har berre blitt brukt i nødsfall så miljøvennlegheita har slått til.

Målet er betre regularitet

Året har også bydd på utfordringar i møte med ferjepassasjerane som tidvis har komme til kansellerte avgangar.

– Det har jo vore misnøye når ferja ikkje går til oppsett rute. Men det har vore god kapasitet på sambandet dette året. Mannskapet seier det aldri før har vore så lite venting sjølv om det har vore nokre kanselleringar. Så sånn sett har det vore eit løft for publikum.

For 2016 har Utåker nokre klare mål for det trafikkerte ferjesambandet.

– «Ampere» vil ha ein mykje større regularitet i 2016 enn i 2015 fordi vi har lært oss å bruke båten. Og vi har gjort nokre mindre tekniske utbetringar i løpet av året. Så vi skal klare 1/3 av produksjonen dette året, seier Utåker.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.