Hopp til innhold

Eit svik å ikkje busetje flyktningar, meiner SV

– Det er eit svik å la flyktningar med opphaldsløyve bli sitjande i årevis på asylmottak fordi Kommune-Noreg ikkje vil ta imot dei. Det seier Vibeke Johnsen, fylkesleiar i SV.

Vibeke Johnsen

Det er ofte dei same kommunane som klagar over nedgang i folketalet som seier nei til å ta imot flyktningar, seier Vibeke Johnsen, fylkesleiar i SV.

Foto: NRK

Medan tusenvis av flyktningar strøymer inn i norske asylmottak etter at dei har rømt frå krig, vald og elende i land som Syria og Afghanistan, sit 5100 flyktningar med opphaldsløyve i dei same asylmottaka og ventar i uvisse. Mange har venta i fleire år fordi ingen norske kommunar vil ta imot dei.

– Det å la folk bli sitjande i uvisse og vente på denne måten gjer at dei ikkje får kome i gang med liva sine. Det er eit svik mot dei som har ofra alt og rømt frå krig og naud, seier Johnsen.

Asylsøkjarar

Michael Mehari (22) og Tedros Desta (23) frå Eritrea er fortvilte over å bli sitjande og vente på asylmottaket i Førde. Di lengtar etter å kome seg i arbeid ute i ein kommune.

Foto: Bård Siem / NRK

Ved asylmottaket i Førde sit 23 år gamle Tedros Desta og 22 år gamle Michaele Memari, begge frå Eritrea. Først venta dei eitt år på å kome inn til asylintervju. No er det fire månader sidan dei fekk opphaldsløyve, men kva tid dei får flytte ut i ein kommune er høgst uvisst. Det synst dei er leit.

– Eg har lyst å kome ut i jobb og det er veldig tungt å bli sitjande å vente i uvisse, fortel Tedros. Han jobba som elektrikar i Eritrea og håper å kunne jobbe innan same bransje i Norge.

Johnsen og SV vil ha slutt på at kommunane kan seie nei til å ta imot flyktningar.

– Det går ikkje an lenger at kommunane sjølve skal få avgjere dette, seier ho.

Frp til åtak på SV

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Lars Svein Drabløs, meiner ein ikkje må endre dagens ordning der kommunane kan seie nei til å ta imot flyktningar. Han går i strupen på SV.

Lars-Svein Drabløs

Lars Svein Drabløs (Frp) meiner kommunane sjølve må få avgjere om dei vil ta imot flyktningar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Då dei raudgrøne partia gjekk ut av regjeringskontora, sat det nærmare 6000 flyktningar med opphaldsløyve på ulike asylmottak og venta på å kome ut i ein kommune. Dei raudgrøne hadde ein så dårleg integreringspolitikk at flyktningane stort sett vart integrerte inn i NAV, seier Drabløs.

No skyt du på SV, men situasjonen er ikkje mykje betre i dag. 5100 med opphaldsløyve sit no og ventar på å få flytte ut i ein kommune. Kva kommentar har du til det?

– Nei, situasjonen er ikkje noko betre. No får vi sjå kva regjeringa vil gjere.

Men har ikkje Johnsen rett i at det er eit svik mot dei som blir sitjande årevis i uvisse på eit asylmottak?

– Jau, og slik har det vore dei siste ti åra.

Men kvifor ikkje gjere noko med det?

– Å tvinge kommunar til å ta imot flyktningar vil i alle fall ikkje gje god integrering. Dette må kommunane sjølve få avgjere.

Paradoks

Johnsen poengterer at det ofte er dei same kommunane som fortvilar over nedgang i folketalet som seier nei til flyktningar.

– Dette er eit stort paradoks, seier ho.