Hopp til innhold

Eit steg nærmare milliardsjukehuset

Norconsult skal levere rådgjevings- og arkitekttenester til planlegginga av nye Førde sjukehus. Kontrakten er verd fleire titals millionar.

Styret i Helse Førde går inn for å byggje ut sentralsjukehuset i Førde for 1,5 milliardar kroner. I tillegg til ombygging og utbygging av eksisterande bygget, skal det byggast eit nybygg til psykiatrien.

FRAMTIDA: Slik såg Helse Førde føre seg utbygginga i 2015. Video: Norconsult.

I samarbeid med arkitektselskapet Nordic leverte Norconsult det beste tilbodet og vann fram på oppgåveforståing, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Denne veka vart kontrakten signert. Dersom opsjonane i kontrakten blir brukte, har avtalen ein verdi på kring 100 millionar kroner for arkitekt og rådgjevar.

– Vi er svært nøgde med å få Norconsult og Nordic med på laget, seier prosjektleiar Kjell Inge Solhaug.

I alt seks tilbydargrupper deltok i den opne anbodskonkurransen.

Stort oppdrag

– Innanfor sjukehusbygg er dette eit av dei største oppdraga i dag. Vi ser på det som ei stor anerkjenning, seier divisjonsdirektør Kjetil Ruud for bygg og anlegg i Norconsult.

Sentralsjukehuset skal utvidast med kring 10 000 kvadratmeter, medan cirka 50 000 kvadratmeter av noverande bygningsmasse skal rehabiliterast. Totalkostnad: 1,52 milliardar kroner.

Norconsult blir totalleverandør av ingeniørfag, landskapsarkitektur, spesialfag og prosjektgruppeleiing. Nordic skal levere arkitektfag.

– Det er eit utfordrande oppdrag som vi ser fram til, seier Ruud, ifølge pressemeldinga frå Helse Førde.

Jon Bolstad og Kjetil Ruud

HANDTRYKK: Administrerande direktør Jon Bolstad og divisjonsdirektør Kjetil Ruud har signert kontrakten som kan bli verd kring 100 millionar kroner.

Foto: Helse Førde

Ferdig 2024

Det nye sjukehuset omfattar nybygg for psykiatri, ombygging av eksisterande psykiatribygg og nybygg/tilbygg og ombygging av høgblokka. Alt skal etter planen stå klart i 2024.

Bygging er planlagt starta opp sommaren 2018, ifølge pressemeldinga.