NRK Meny
Normal

Eit steg nærare ny bru i Sogndal

Loftesnesbrua vart i dag lyst ut på anbod. Prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen seier det er ein milepæl at ein no er komen til dette punktet.

Loftesnesbrua i Sogndal

PÅ ANBOD: Bygging av ei heilt ny Loftesnesbru har tidlegare blitt utsett, men no skal prosjektet ut på anbod.

Foto: Bjørgulv Mykland

Dei fyrste løyvingane til ei ny bru over Loftesnessundet på riksveg 5 i Sogndal kom for over to år sidan, men det er fyrst no prosjektet blir lagt ut på anbod.

– Vi har hatt ein lang planleggingsperiode, men no har vi kome til det punktet at vi har lagt prosjektet ut slik at entreprenørane kan rekne på prosjektet. Det er ein milepæl, seier Solbakken.

Mange utfordringar undervegs

Gunnar Solbakken

UTFORDRANDE: Prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen fortel at ein har hatt mange utfordringar undervegs og at det er ein milepæl at prosjektet no er ute på anbod.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Allereie i 2004 starta vegkontoret med arbeidet med reguleringsplanen. Opphavleg var det ei stålbogebru som skulle byggast, men teknisk var ikkje det mogeleg. Løysing nummer to vart ei nettverksbogebru, som først vart for dyr, men seinare fekk dei naudsynte oppstartsmidlane.

– Vi har måtte prosjektert, prosjektert på nytt og refinansiert, så det har vore nokre utfordringar undervegs, fortel Solbakken.

I tillegg til ei 194 meter lang bru over Loftesnessundet, er utbetring av vegen i tre retningar og ny rundkøyring med i planen.

– Fyrst og fremst er det ei ny bru over sundet som blir betre for bilistar, syklistar og gåande som ligg inne i planane. I tillegg blir det tilpassing av ny rundkøyring mot Sogndal og mindre tilpassingar av gang- og sykkelveg som ligg på begge sider av brua, fortel prosjektleiaren

Trur på ferdigstilling i 2018

Solbakken seier at ein no går inn i ei spanande til med anbodskonkurranse.

– 24. september er fristen for innlevering, også må dette kontrollerast og godkjennast. Vi ser føre oss signering av kontrakt i november og tett opp under jul trur eg entreprenøren er i gang med tilrigging, seier han.

Vegprosjektet vert gjennomført i to delar og målsettinga er at prosjektet skal vere heilt ferdig i 2018.

– Ein skal bygge brua og flytte trafikken over på den, for så å rive den gamle brua. Rundt slutten av 2017 vil vi nok ha fått flytta trafikken og del to av prosjektet er nok ferdig sommaren 2018, fortel Solbakken.