Økonomisk vil det heilt klart bety eit løft for festivalen. Som knutepunktfestival dekkjer staten 60 prosent av det offentlege tilskotet og regionane 40. Det vil gi folkemusikkfestivalen eit samla offentleg tilskot på 3,3 millionar kroner neste år. Noko som er ein auke på femti prosent i høve til i år.
Høgare status
Det er også eit stort løft statusmessig. - Det betyr at vi er rekna som ein av dei fem viktigaste musikkfestivalane i Norge, seier Bjørkum.
14. februar skal saka opp til endeleg handsaming i Stortinget.