Hopp til innhold

Eit steg nærare datalagring

– Sjølv om vi ikkje fekk den store internasjonale kontrakten, så blir det datalagring i Luster, seier styreleiar i Bluefjords, Terje Aaberge

Jostedøla ved Fossøy

KJØLANDE ELV: Elva Jostedøla skal bidra til å kjøling når datalagringssenteret ved Leirdøla kraftverk blir ein realitet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Tidlegare i veka vart eit område nær Leirdøla kraftstasjon lagt ut til offentleg ettersyn med regulering til serverpark og datasenter.

Selskapet Bluefjords som står bak prosjektet, tapte nyleg konkurransen om datalagring for det store internasjonale selskapet CERN.

- Datalagring i Luster, det blir det uansett, seier Aaberge.

– Alle er interesserte i at vi skal kome i gang

Han forklarar at forholda ligg godt til rette for datalagring i området.

– Det er rett ved ein kraftstasjon og foredlingsanlegg. Vi får etter kvart tilgang på mykje straum og det er vatn i elva til kjøling. Straumsikkerheita vil vere stor, så det er absolutt eit greitt opplegg som vil fungere, seier styreleiaren.

Sjølv om selskapet tapte oppdraget om datalagring for storselskapet CERN, så held dei fram med prosjektet.

– Vi er i gang, og det har vi for så vidt vore lenge. Tidlegare prøvde vi å få inn ein stor kunde. No fann vi ut at vi ikkje kunne vente på det, for då ville vi aldri kome skikkeleg i gang. Difor har vi lagt litt om planane, seier Aaberge.

Oppstart i 2013

Selskapet går no inn for å bygge ut anlegget og prosjektet i modular, slik at ferdig installerte containarar blir lagra i ein serverpark i fjellet. Fjordane IT skal drifte prosjektet, medan Bluefjords er som eit eigedomsselskap å rekne.

– Kvar container blir fylt opp med eit par tusen maskiner og plassert inn etter kvart. I første omgang vil vi ikkje klare å fylle opp ein container, men vi startar i det små.

Bluefjords håpar å vere i gang 1. kvartal 2013. Reguleringsplanen skal opp i formannskapet og kommunestyret i august/september, og Aaberge trur planane deira vil få støtte.

– Alle er interesserte i at vi skal kome i gang, så det burde ikkje vere noko problem.