NRK Meny
Normal

Eit splitta Ap er i ferd med å snu i gruvesaka

Frå å vere dei fremste forkjemparane for fjorddeponi i Førdefjorden, har fleirtalet i fylkesstyret i Ap snudd.

Kristin Maurstad, Solveig Willis, Hilmar Høl

SPLITTA: Under fjorårets fylkesårsmøte stod leiartrioen med Kristin Maurstad (t.v.), Solveig Willis og Hilmar Høl samla. No er dei ikkje einige i gruvesaka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er blitt ei heilt open sak. Eg er ikkje sikker på kva utfallet vil bli, seier Hilmar Høl, fylkesleiar og andrekandidat til fylkestinget, når årsmøtet skal ta stilling til saka under helgas fylkesårsmøte.

Les også: Provoserte Høgre-årsmøte med gruvemotstand

Arbeidarpartiet har i ei årrekkje vore blant dei ivrigaste forkjemparane for gruvedrift i Vevring i Naustdal. Sjølv om det er planlagd å dumpe overskotsmassane i Førdefjorden til protestar frå miljørørsla, reiselivet og sjømatnæringa.

Fylkesstyret har snudd

Men partiet er i ferd med å snu. Eit fleirtal i fylkesstyret til partiet seier no nei til eit slikt fjorddeponi.

– Det var rett nok nokre varamedlemmer der men det var 5 imot og tre som var for, seier Høl.

Fylkesleiaren må berre konstatere at partiet er i ferd med å snu, og at han er ein del av det nye mindretalet i partiet.

– Eg er av den gamle sorten som er lojal til det som er vedteke i mange år og som har vore ei openberr god sak for Sogn og Fjordane Arbeidarparti heile perioden. Så eg har signalisert at eg er for Engebø-prosjektet.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

FJORDDEPONI: Gruveavfallet frå fjellet skal i fjorden dersom Nooic Mining får ja til gruveplanane i Vevring.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Fylkesnestleiaren har snudd

Hans eigen fylkesnestleiar er blant dei som har snudd. Solveig Willis frå Florø understrekar at ho er for gruvedrift. Men kan ikkje seie ja til fjorddeponi.

– Ut frå eit føre-var-prinsipp så har eg landa på at deponi ikkje er noko god løysing. Privat jobbar eg i oppdrettsnæringa, så der er ein sterk skepsis til korleis det vil påverke den aktiviteten vi driv med.

I desember synte ei spørjegransking Norstat gjorde for NRK at 61 prosent av Arbeidarpartiet sine eigne veljarar rundt Førdefjorden er mot gruvedrift i Naustdal. Sidan då har lokallaga i mellom anna Flora, Førde og Eid teke til orde mot fjorddeponi.

– Opinionen påverkar medlemmane våre. Vi er jo ikkje kjenslelause. Eg ønskjer at industrien skal bygge seg opp i Sogn og Fjordane, så det vil vere ein merkeleg snuoperasjon for meg vere for Engebø, til å vere imot.

Spente før årsmøtet til helga

I Naustdal er lokallagsleiar og ordførar Håkon Myrvang vonbroten over snuoperasjonen.

– Eg er skuffa over fleirtalet i fylkesstyret som har sagt nei. Kanskje vi ikkje har fått fram fakta godt nok om konsekvensutgreiingane om sjødeponiet.

Alle er spente på kva fylkesårsmøtet landar på.

– Eg er veldig spent, det er ei viktig sak, seier Solveig Willis.

–Vil du kunne sitte som nestleiar dersom fylkesårsmøtet seier ja til eit fjorddeponi?

– Ja det vil eg.

Hilmar Høl vil også halde fram i verva sine sjølv om årsmøtet snur.

– Eg er av den meining at det som årsmøtet vedtar er den politikken vi skal føre.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.