Hopp til innhold

Etter åtte månader er det slutt for mottaket

Etter knappe åtte månader i drift går det mot slutten for Øyrane statlege mottak i Førde. Måndag kom beskjeden frå UDI, frå 1. april neste år blir mottaket lagt ned.

Nytt asylmottak Førde

SLUTT: Førre asylsøkarar til Norge i haust gjer at Øyrane statlege mottak i Førde vert lagt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det kom som eit sjokk på oss at vi no mister jobben vår etter så kort tid, seier mottaksleiar Ulf Rugumayo Amundsen.

I mars opna mottaket på Øyrane i Førde med plass til 160 bebuarar. I dag bur det i underkant av 140, men i april neste år er det slutt skriv UDI i ei pressemelding måndag.

– Vi trudde vel at vi skulle ha ein arbeidsplass som kom til å vare litt lenger, men vi har og vore fullstendig klar over at mottak over heile landet no vert lagt ned, seier Rugumayo Amundsen.

Færre flyktningar

Totalt legg Utlendingsdirektoratet no ned 930 plassar på asylmottak over heile landet. For dei som bur på mottaket i Førde betyr det at frå april neste år så må dei flytte til mottak andre stader i landet.

– Vi kjem til å ha normal drift heilt fram til april neste år, slik at våre bebuarar skal få det tilbodet dei har krav på, seier Rugumayo Amundsen.

Han rosar samarbeidet som dei har hatt med Førde kommune dei åtte månadane dei har vore i drift.

– Eg trur ikkje det er mange mottak i landet som kan seie dei har hatt eit så godt forhold til vertskommunen som oss. Førde er nok ein av dei beste stadane i landet å drive mottak, seier Rugumayo Amundsen.

Utan jobb

Når mottaket i Førde vert lagt ned i april neste år, står også dei seks tilsette som jobbar der i dag utan arbeid.

– Vi må nok ut på den ordinære jobbmarknaden no, ja. Eg trur ikkje nokon av oss som jobbar her i dag har noko framtid mottaksbransjen, men slik er det, seier Rugumayo Amundsen.

Sjølv om det kom som eit sjokk på dei tilsette at mottaket blir lagt ned etter så kort tid, meiner han likevel ikkje at det vart lagt opp til overkapasitet då mottaket vart etablert i mars i år.

– Nei, behovet var der. Det kom faktisk over 30 000 menneske til Norge i løpet av kort tid. På det tidspunktet var det ikkje mogleg å føresjå at situasjonen skulle vere ein heilt annan i dag, seier Rugumayo Amundsen.