Hopp til innhold

Eit lite agurkmysterium! Veien fann pengar i vegen

Eit knust norgesglas og 180 kroner spreidd utover skaper undring. Kan det vere ein seksåring på veg i banken som har mista glaset? Eller kan det vere røvarar på ferde?

Småpengar strødd i vegen

STRØDD I VEGEN: Eit norgesglas med 180 kroner i.

Foto: Asle Veien / NRK

Då vår NRK-kollega Asle Veien sykla nedover mot NRK-huset i Førde fann han eit knust halvliters norgesglas og kronestykke strødd utover asfalten.

– Det kan vere ein gut eller jente som har spart pengar i lang tid, og som mista dei på veg til banken, seier han.

Men sidan det nærmar seg slutten på agurktida, så kan ein også spekulere i om det er heilt andre ting som har skjedd. Kan det vere eit mislukka tjuveri? Kan det vere politikarar på veg til stemmefiske som har mista pengane? Spørsmåla er mange, svara er førebels få.

Men dersom du meiner du veit kvar pengane blei funne og til og med er den rette eigaren av dei 180 kronene, så kan du kontakte oss i NRK på e-post eller sende oss ein SMS med kodeord SF til 1987.

Elles har Vamp laga ein herleg song om norgesglas, likevel utan pengar, men derimot fullt av humler.