Hopp til innhold

Elevar vil møte stengde klasserom når skuleåret tek til i august

Onsdag vart det klart at medlemmene i Utdanningsforbundet har sagt nei til avtalen med KS. Dermed blir det storstreik i skuleverket.

Gunn Marit Haugsbø og tomt klasserom

KLART NEI FRÅ LÆRARANE: Fylkesleiar Gunn Marit Haugsbø i Utdanningsforbundet er glad for at svaret var så klart.

Foto: Utdanningsforbundet / NRK

Leiar Gunn Marit Haugsbø i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane seier at det var eit klart svar frå medlemmene.

– Det er eit veldig klart signal frå medlemmene om at dette ikkje var ein avtale dei kunne akseptere. Og det handlar om mykje meir enn om kor lenge lærarane skal vere på arbeidsplassen.

Haugsbø er veldig glad for at det har vore så stor deltaking i uravrøystinga.

– Det har vi gjort mykje for å mobilisere til. Og det er svært bra at det er eit så klar nei-svar frå medlemmene. Det er eit klart signal om at dei treng ein betre avtale enn det som låg på bordet.

Gunn Marit Haugsbø

GLAD FOR KLART SVAR: Gunn Marit Haugsbø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Stort nei-fleirtal

På landsbasis var det 67 prosent deltaking i uravrøystinga, og av dei som sa si meining røysta 73 prosent nei og 27 prosent ja. Fylkesleiaren veit ikkje kor stor del av lærarane i Sogn og Fjordane som sa nei. Men ho trur nei-prosenten var vel så høg her.

– Ja, kanskje veldig stort nei-fleirtal i Sogn og Fjordane fordi vi har stått veldig samla med rektorane og har gitt signal om at vi treng ein avtale som gir den fleksibiliteten som lærarane og skulen treng for å gjere ein god jobb.

I første omgang blir 36 lærarar ved Rothaugen skule i Bergen tekne ut i streik frå 1. juli.

I Sogn og Fjordane blir det ikkje teke ut skular i streik i denne omgang, men ved skulestart i august vil folk merke streiken, seier Gunn Marit Haugsbø.

– Vi trappar opp streiken i august, tidspunktet er ikkje avgjort enno.

– Med andre ord vil det bli elevar som ikkje har noko tilbod når skuleåret byrjar?

– Det er veldig sannsynleg.