NRK Meny
Normal

Eit halvt år før Skatestraumtunnelen blir opna

HAMNEN (NRK): Skatestraumtunnelen kjem til å vere stengd ut 2015, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

I dag var det synfaring i Skatestraumstunellen etter brannen der nyleg.

SJÅ VIDEO FRÅ INNSIDA: Her kan du sjølv sjå kva eksplosjonen og brannen gjorde med tunnelen.

I dag tok han folk frå media og andre aktørar med ned i den brannherja undersjøiske tunnelen som er ein del av fastlandssambandet til Bremanger.

Øydeleggingane er store etter brannen onsdag 15. juli, då ein hengar med bensin eksploderte inne i tunnelen.

Før turen ned i tunnelen orienterte regionvegsjef Helge Eidsnes om skadane. Han sa at det er vanskeleg å gje noko klart overslag over kor mykje reparasjonen vil koste. Men det vil dreie seg om nokre titals millionar kroner, sa han.

Skatestraumtunnelen - Helge Eidsnes orienterer

ORIENTERING: Regionvegsjef Helge Eidsnes (t.v.) opplyste at tunnelen ikkje blir opna att før i 2016. På biletet ser vi vidare fungerande ordførar Nina K. Grotle i Bremanger, fylkesordførar Åshild Kjelsnes og rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Foto: Rune Fossum / NRK

Veldig omfattande arbeid

Etter turen sa han at tilstanden var som han hadde venta.

– Det er store skadar. Når 16.500 liter bensin tek fyr utviklar det mykje energi med direkte flammar, varmeutvikling, røyk- og sotskadar.

Han seier at det er eit omfattande arbeid som no skal ta til

– Frå ulukkesstaden og i 500 meters lengde ut til opninga i Hamnen må vi ta ned all brannbeskyttelse som har gjort jobben sin, vi må reinske heilt inn til fjellet slik at vi får inspisert fjellet slik at geologane kan sjå om det er sprekker som må sikrast.

Sidan må det dei gjere noko med vatn og avløp, det må installerast lys, ventilasjon og kommunikasjon til brannvesenet.

– Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor lang tid dette tek, men slik det ser ut no vil eg trur at det tek eit halvt år før vi kan opne tunnelen for trafikk. Det kan vi seie ut frå røynsle med Gudvangatunnelen.

Arbeidet med reparasjon av Gudvangatunnelen kom på 25 millionar kroner, i tillegg vart tunnelen oppgradert for 15 millionar, og det var fylgjekostnader som m.a. båttransport på 10 millionar. Totalt vart det altså brukt rundt 50 millionar kroner etter den brannen.

Inne i Skatestraumtunnelen

STORE SKADAR: Brannen har ført til stor skade inne i Skatestraumtunnelen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Har ikkje råd, men har ikkje noko val

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) var med på synfaringa i Skatestraumtunnelen, og ho tenkte på dei som opplevde dramaet på nært hald.

– Det må ha vore veldig dramatisk for dei, og eg er glad for at det gjekk godt med liv og helse, det er trass alt det aller viktigaste.

Ho er ikkje overraska over at det vil ta minst eit halvt år før tunnelen kan takast i bruk att.

– Det er ikkje ein ynskjeleg situasjon, men det er omfattande skadar. Det er eit betydeleg arbeid som skal gjerast, og det er naturleg at det tek tid.

Korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune skal få råd til dei fleire titals millionane det heile kostar er og eit spørsmål.

– I utgangspunktet har vi ikkje råd, men vi har ikkje noko val. Når infrastrukturen ramlar saman og lokalsamfunn blir råka må vi berre byggje det oppatt. Så får vi ta rekninga etter kvart. Vi må undersøke om vi kan få økonomisk hjelp frå Staten.

Den 17. august skal fylkesutvalet orienterast om stoda.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.