Hopp til innhold

Eit friidretts-NM med mange høgdepunkt

Årets hovud-NM i friidrett får bokstaveleg tala ein pangstart, med fleire av Noregs raskaste utøvarar allereie i dei første øvingane.

GULLJAKT: Brørne Jakob og Henrik Ingebrigtsen har nok lyst på både meir edelt metall og ikkje minst lystne på å stogge Karsten Warholm si rekkje med Kongepokalar.

Foto: Tobias Schwarz / AFP

Etter det beste norske EM på over 20 år, rettar no friidrettsmiljøet augo mot Gloppen og NM.

Karsten Warholm

SIGERSGLISET: Karsten Warholm er nok lysten på både NM-titlar og sin fjerde strake Kongepokal under NM på Byrkjelo.

Foto: Ali Iqbal tahir / NRK

Og allereie før opningsseremonien fredag ettermiddag, er dei første medaljane delte ut. Då til dei beste kvinnelege innan stav og slegge. I tillegg har mellom andre verds- og europameister Karsten Warholm (Dimna) gjort unna sine første forsøk.

Kanskje får ein første dagen oppleve nye norske rekordar. For løpebana på Byrkjelo stadion er kjent for å gi gode tider. Her er det opp gjennom tidene sett tre noregsrekordar, tre junior noregsrekordar, ein nordisk rekord og ikkje mindre enn sju meisterskapsrekordar. Fleire rekordar, i alle fall banerekordar, kan stå for fall.

Øyvind Strømmen Kjerpeseth

KJERPESETH: Øyvind Strømmen Kjerpeseth (Florø) var desidert best i landet på 400 meter hekk. Så sneik Karsten Warholm seg forbi, og sidan har det vore klasseskilnad mellom dei to. I helga møtes dei igjen.

Foto: Bjørn Hytjanstorp

NRK sender kvar dag frå meisterskapen i Gloppen. Om du ynskjer å følgje med på alle øvingane, så kan du følgje den direkte i nett-TV - om du ikkje sjølv tek turen til Byrkjelo stadion.

Kva konkurransar som kan vere verdt å få med seg, er alltid vanskeleg å slå fast på førehand. Både dagsforma til utøvarane og vêr og vind kan spele inn. Og så spørst det då, kven får Kongepokalen? Kan Warholm klare det for tredje gang på rad?

La oss sjå litt på litt av det som skjer gjennom meisterskapen.

Fredag

  • Klokka 1455. Sett med lokale auge er ikkje stav ikkje noko stor øving, men med ei Lene Retzius (BUL) i godt slag kan det bli ny norsk rekord. 22-åringen står med fire strake NM-titlar og fekk sin EM-debut i Berlin. I slutten av mai sette ho også ny norsk rekord i Oslo med 4,50 meter. Med andre ord ser Cathrine Larsåsen sin banerekord frå 2011 ut til å leve farleg fredag.
  • Trude Raad kastar slegge under NM i 2010

    GULLJAKT: Sleggekastaren Trude Raad er eitt av fleire lokale medaljehåp under NM i friidrett.

    Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK
    Klokka 1500.
    Her kan Trude Raad (Gloppen) setje prikken over i'en for karrieren si. Vaksen opp nokre sleggekast frå stadion kjenner 28-åringen anlegget godt. Men det blir tøff kamp mot mellom andre Beatrice Nedberge Liano (Laksevåg) og Helene Sofie Ingvaldsen (Norna-Salhus). Med årsbeste på dei tre på vel 66,80, er det framleis eit stykke fram til Mona Holm sin noregsrekord frå nettopp Byrkjelo i 2011.
  • Etter opningsseremonien klokka 1620 kjem finalane på løpande band. Først med lengde for menn, kule for kvinner og diskos for menn. Det blir finale på 5.000 meter og høgde for kvinner.
  • Jakob og Henrik

    INGEBRIGTSEN: (t.v.) og Jakob Ingebrigtsen treng ikkje store introduksjonen. Brørne frå Sandnes tok dobbeltsiger på 5.000-meter under EM i Berlin.

    Foto: Hendrik Schmidt / AP
    Klokka 1740
    kan publikum få sitt første glimt av ein annan av EM-heltane frå Berlin. Henrik Ingebrigtsen (Sandnes) er påmeld til 5.000-meteren, og den eldste av tre Ingebrigtsen-brør har årsbeste i Europa med 13.16,97. På Byrkjelo møter han mellom andre lokale håpa Eivind Øygard (Jølster) og førdianaren Marius Vedvik (Gular).
  • Klokka 1805 kan Karsten Warholm (Dimna) springe inn til sin første NM-tittel for helga på 400 meter hekk. 22-åringen er regjerande verds- og europameister og har i år senka sin norske, nordiske og europeiske U23-rekord. Truleg kan svenske Niklas Eriksson sin banerekord på 51,07 frå 1994 strykast ut når Warholm passerer målstreken. Sunnmøringen står med den norske rekorden på 47,64.
  • Grunna skade deltek Amalie Iuel (Tyrving) berre 400 meter flatt på Byrkjelo, og blir dermed ikkje å sjå når kvinnene kjempar om tittelen på 400 meter hekk klokka 1815. Iuel sette i år ny norsk rekord me 55,26. Spørsmålet er om Line Kloster (Vidar) har nok krut i beina til å tukte Anne Gundersen sin over 30 år gamle banerekord på 58,68.
  • Friidretts-EM: Jonathan Quarcoo løper semifinale på 100 meter

    SEMIFINALIST: Jonathan Quarcoo er ein annan av EM-heltane som blir å sjå på Byrkjelo i helga.

    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
    Ezinne Okparaebo (Norna-Salhus) vann 12 NM-gull på rad på 100 meter, før Helene Rønningen (Tyrving) vippa henne ned frå trona i Sandnes i fjor. 30-åringen har sjølv den norske rekorden på 11,10, 14 hundredelar raskare enn hennar årsbeste. I år blir det ingen superfinale mot Rønningen, som har meldt forfall til NM. Finalen klokka 1835.
  • Fredagen blir avslutta med 100 meter finale for menn klokka 1845. Også her stiller ein semifinalist frå EM på startstreken, regjerande noregsmeister Jonathan Quarcoo (Orion). 21-åringen har i år levert løp på 10,22.

Laurdag

  • Sondre Guttormsen

    TALENT: I ein alder av 19 år har Sondre Guttormsen mange gode år att på friidrettsbanen.

    Foto: Matthias Schrader / AP
    Dag to av NM startar med forsøk 200 meter og 800 meter, før mennene skal ut i dagens første finale klokka 1430. Med to EM-deltakarar og ein U18-europameister er stavfinalen venta å bli ein liten godbit. Under EM i Berlin forbetra Sondre Guttormsen (Ski) Trond Barthel sin 22 år gamle rekord på 5,72 meter med tre centimeter. På Byrkjelo vil han truleg få tøff konkurranse frå Pål Haugen Lillefosse (Gneist) som har 5.46 som bestenotering i år, og Eirik Dolve (Fana) med ein personleg årsbeste på 5.41. Her kan Barthel også miste banerekorden på 5,40 på Byrkjelo frå 1991.
  • Klokka 15 blir det oppgjer mellom dei beste mannlege sleggekastarane. Eivind Henriksen (Tjalve) kjempar om sin niande strake tittel. 27-åringen som enda på femteplass har den norske rekorden på 76,86, men her kan ungguten Thomas Mardal (Gloppen) gi Tjalve-kastaren god konkurranse. Her kan Henriksen sin eigen banerekord på 71,83 frå 2011 stå for fall.
  • EM friidrett 2018 i Berlin

    FAVORITT: Amalie Iuel står grunna skade over spesialøvinga 400 meter hekk på Byrkjelo, men håpar å stå på startstreken på 400 meter flatt.

    Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix
    Klokka 1650
    er det duka for gjensyn med Amalie Iuel (Tyrving), som jaktar sin eigen norske rekord på 400 meter. Rekorden skriv seg frå 51,81 i mars i fjor. Hennar årsbeste i år er 51,99. Men Line Kloster (Vidar) kjem nok ikkje til å gi seg utan kamp.
  • Ti minuttar seinare kan Karsten Warholm (Dimna) springe inn til nytt gull på 400 meter for herrar. Sunnmøringen har også her den norske rekorden på 44,87. Det er vel sekundet raskare enn austerrikske Christoph Pötsinger sin over 20 år gamle banerekord.
  • Klokka 1720 er det duka for rein brødreduell mellom Henrik Ingebrigtsen og europameister Jakob Ingebrigtsen (begge Sandnes). Den siste broren, Filip, har den norske rekorden på 3.30,01, vel sekundet raskare enn europameister Jakob. Danske Robert Andersen sin banerekord på 3.35,70 lever med andre ord farleg denne helga.
  • Friidretts-EM: Karoline Bjerkeli Grøvdal løper finale på 3000 meter hinder

    EM-BRONSE: Karoline Bjerkeli Grøvdal tok bronse på 3.000 meter hindre under EM i Berlin. På Byrkjelo vil ho legge opp til eit løp som kan bety ny norsk rekord.

    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
    Karoline Bjerkeli Grøvdal (Tjalve) er nestemann ut av dei norske EM-heltane. 28-åringen peika seg ut 3.000 meter hinder som einaste øving i NM. Sunnmøringen har årsbeste i Europa på distansen med 9.18,36, fem sekund seinare enn noregsrekorden ho sette under NM i fjor. Så langt er ho einaste utøvar med meir enn ti NM-gull, utan å ta andre medaljar i NM. Finalen går 1730.

Søndag

  • Marius Vedvik

    REVANSJE: Marius Vedvik fullførte, men fekk det svært tungt på 10.000-meteren under EM i Berlin. På Byrkjelo vil han reise kjerringa.

    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
    Publikumet kan bli vitne til ei aldri så lita historisk hending når dei kvinnelege diskoskastarane tek over diskosringen klokka 1330. Diskoslegenda Mette Bergmann og Grete Etholm med 17 strake NM gull. Bergmann frå 1984 til 2000, medan Etholm framleis er aktiv og har vunne alle NM sidan 2001. Etter søndagen kan ho stå åleine som mestvinnande i ei øving, og innehavar av den lengste uavbrotne sigersrekkja uansett kjønn i NM.
  • På mennenes 200-meter er regjerande noregsmeister Jonathan Quarcoo (Orion) soleklar favoritt, med norsk årsbeste på 20,69. Finalen går klokka 1410.
  • Ezinne

    KONGEPOKAL: Ezinne Okparaebo har vunne Kongepokalen to gonger under NM.

    Fem minuttar seinare skal dei beste kvinnelege 200-meterløparane i sving, der Ezinne Okparaebo (Bul), Helene Rønningen (Tyrving) og Line Kloster (Vidar) alle har sletta den norske rekorden i løpet av sesongen. Sistnemnde har rekorden på 23,21. Rønningen deltek ikkje under NM på Byrkjelo.
  • NM-helga blir avslutta med 1.000 meter stafett klokka 15 og 1510.

Ynskjer du å lese meir om utøvarane og kven som er førehandsfavorittar, kan eitt godt råd vere å lese vurderingane som friidrett.no har gjort før meisterskapen.

Riktig godt NM.