NRK Meny
Normal

Eit bustadhus byrja brenne i Stryn

Alle personane i bustadhuset kom seg ut då naboen varsla om brann i Stryn.

Brann i Stryn

RØYK: Det var sterk røykutvikling frå bustadhuset.

Foto: Roger Vik

Like før klokka 21 søndag kveld vart det meldt om brann eit bustadhus på eit gardsbruk på Ytreeidet i Stryn, opplyser operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Huset er totalskadd, seier Kjetil Drange operasjonsleiar ved Politiets operasjonssentral.

Ved 22.30-tida har brannmannskapet reist frå staden.

– Det er mykje sot og røykskader, opplyser Drange.

Ifølgje Alarmsentralen skal det ha vore ein nabo som varsla brannen.

Laster kart, vennligst vent...