Hopp til innhold

Eit bilete skulle forandre alt

Biletet av ein syrisk gut skylt i land på ei tyrkisk strand vart eit vendepunkt for seljaren frå Sogndal.

Ole Petter Heggestad

HJELPEARBEIDAR: Ole Petter Heggestad har engasjert seg i naudhjelp gjennom organisasjonen «Dråpen i havet».

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det var vel i den augneblinken eg så biletet av den to år gamle guten med andletet ned i sanden at eg fann ut at eg måtte gjere noko meir enn å berre gi ein 1000-lapp til ein eller annan hjelpeorganisasjon. Eg måtte berre gjere noko, seier Ole Petter Heggestad.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Hausten 2015 fekk migrantkrisa mykje omtale i media. Bilete av desperate flyktningar i overfylte båtar på Middelhavet fylde avisene. Heggestad bestemte seg for å gjere det han kunne og reiste til Hellas for å bidra gjennom organisasjonen «Dråpen i havet».

– Det gjorde eit vanvitig inntrykk fordi det var så ekstreme situasjonar. Flyktningane kom i båtar akkurat som vi hadde sett i media. Det var svært mange ungar som var på alder med mine eigne. Eg visste ikkje ordet av det før eg stod med eit spedbarn på armen og var midt oppe i situasjonen som eg hadde sett på TV, seier Heggestad.

Alternativ 40-årskrise

Fram til då hadde han trudd at 40-årskrisa skulle bli tatovering og Harley Davidson-motorsykkel. I staden vart han hjelpearbeidar for båtflyktningar og migrantar i Middelhavet.

– 40-åringar tyr først og fremst til ekstremsport når dei skal realisere seg sjølve. Andre er så fornuftige at dei tyr til Harley Davidson-motorsykkel, tatoveringar og elskarinner. Det er klart det fristar, men det vert lett mykje styr av det, seier Heggestad humoristisk.

– Men vart det mindre styr av vere hjelpearbeidar i Middelhavet?

– Nei, det vart ikkje det, ler Heggestad. Det vart i staden ei altomfattande og svært inngripande endring i livet mitt.

Barn og mødrer

Etter kvar så har arbeidet til «Dråpen i havet» gått over til å prøve gjere dagane i flyktningleirane kortare for dei som er der.

– Det kan vere å engasjere dei i ulike aktivitetar. Alle ungane som ikkje får verken skule eller noko, dei gir vi engelsk og norskopplæring og innføring i europeisk kultur. Til dei vaksne så er fokuset meir på å sørge for dei mest grunnleggande behova som mat og klede, seier Heggestad.

– Enkelte har åtvara mot at ved å ta i mot flyktningane og migrantane på denne måten så legg ein til rette for at flyktningstraumen vil halde fram over Middelhavet, som kan vere farleg nok i seg sjølv?

– Eg ser ikkje slik på det. Når ein ser på dei som kjem i desse båtane, berre det å sette seg sjølv og ungen sin i ein slik type båt det medføre ein slik ekstrem fare at ein skjønar at dei verkeleg flyktar frå noko. Det dei kjem ifrå må vere heilt grufullt når dei gjer det valet å sette seg i ein slik båt, seier Heggestad.

– Vert det nye turar til Hellas?

– Det vert det heilt sikkert. Eg har ingen konkret dato no, men eg har mange vener som spør meg om når vi skal reise. Eg må berre kome meg av garde igjen så fort som mogleg, seier Heggestad.