Hopp til innhold

Etter månader med debatt skal vågsøyværingane røyste ja eller nei til ny storkommune

MÅLØY (NRK): Når vågsøyværingane i dag går til valurnene for å seie si meining om samanslåinga med Flora kommune, legg dei bak seg mange månader med heftig debatt. No er folkerøystinga i gang.

Vallokale i Vågsøy

NO BLIR DET RØYSTA: Vallokala i Vågsøy er no opne. Folk kan velje å røyste ja eller nei til Kinn kommune.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Noko av det eg fryktar mest er at vi skal begynne å sortere kvarandre i ja og nei, før og etter, det er skikkeleg ekkelt.

Doris Christensen tør ikkje spå kva som skjer etter måndag 11. juni, då vågsøyværingane går til røystelokala for å seie si meining om samanslåinga med Flora kommune.

– Det er lov å håpe at det roar seg, men eg fryktar det motsette, seier Christensen.

Stortinget vedtok samanslåing av Vågsøy og Flora til Kinn kommune i juni i fjor. Det vart ikkje eit punktum. Det var då det heile tok fyr.

Doris Christensen og Fredrik Egeberg

SPLITTA KOMMUNE: Doris Christensen er positiv til kommunesamanslåing, men reforma har ført til harde frontar og eit splitta lokalmiljø. På nei-sida har Fredrik Egeberg vore ein ivrig talsmann.

Foto: Silje Guddal / NRK

Så øyra flagrar

Hjå lokalavisa Fjordenes Tidende ser den erfarne redaktøren tilbake på eit halvår utan sidestykke.

– Temperaturen i debatten har vore veldig heftig i periodar. Det har vore veldig mange personangrep og personkarakteristikkar, seier Erling Wåge.

Å seie meininga si har kosta.

Det har nok vore beintøft. Mange har fått så verkeleg øyra flagrar tilbake att. Eg veit om folk som på grunn av det tøffe debattklimaet har trekt seg ut. Det er jo forferdeleg trist.

Erling Wåge

SPALTEMETER: Redaktør Erling Wåge har trykt rundt 400 debattinnlegg sidan nyttår. Avisa har måtte passe kommentarfelta nøye.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein splitta kommune

I februar våga Doris Christensen å skrive ein kronikk. Ho skreiv positivt om Kinn og oppmoda om ein sakleg debatt.

– Eg synest dessverre debatten er blitt verre og hardare ettersom tida har gått. Ytrar du deg ifrå ja-sida så risikerer du ein del. Ein blir mistenkt for å ha nærmast vonde hensikter, seier Christensen.

– Kva synest du om at debatten har fått ein slik tone?

– Eg synest det har blitt eit drygt lågmål.

Opprøret mot kommunesamanslåinga starta med underskriftslister på lokalbutikkane. Fredrik Egeberg stod i spissen for å krevje meir informasjon, no leiar han Nei til Kinn-aksjonen. Egeberg vedgår at debatten har hardna til, men avviser at nei-sida er verre enn ja-sida.

– Folk ifrå ja-sida hiv ut brannfaklar for så å gå i skyttargrava og gøyme seg. Eg synest det går begge vegar.

– Kva har du gjort for å betre debattklimaet?

– Nokon gongar har eg teke kontakt med personar som har skrive ikkje nødvendigvis så stygge ting, men ting eg føler ikkje gagnar saka. Eg synest at kvar enkelt må ta ansvar for sine ord.

Uviss framtid

Det er ingen som kan svare på kva ein skal bruke resultatet av folkerøystinga til.

– På folkemøte sa nei-sida at dersom ikkje kommunen søkjer om reversering så vert det aldri fred. Det uroar meg, seier Christensen.

– Vert det stort fleirtal mot Kinn og kommunestyret likevel vel å gå inn for Kinn, så trur eg ikkje det vert ro, seier Egeberg.

Kinn kommune