NRK Meny
Normal

Eirik Bakke tilbake etter skade

Eirik Bakke er speleklar og med i troppen som skal møte Stabæk måndag.

Eirik Bakke inn i duell

SKADD: Det var under kampen mot Tromsø at Eirik Bakke blei skadd og måtte hinke av bana.

Foto: Rune Fossum

Bakke har stått over fleire kampar etter skade i lårmuskelen og smerter i eine leggen. Det var under kampen mot Tromsø i april at Bakke fekk seg ein trøkk på baksida av låret og måtte hinke av bana.

Leggen som plaga han

Medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen i Sogndal Fotball seier at det er smertene i leggen som har plaga han i det siste.

– Er han speleklar til Stabæk-kampen i morgon?

– Han hadde ikkje vore med i troppen dersom han ikkje var klar. Men det er trenar Harald Aabrekk som tek ut det endelege laget, seier han.

Tre mann ute

Jacobsen seier det er tre mann som ikkje er med i troppen på grunn av skade.

– Joakim Rudolfsen, Thomas Ness og Eivind Daniel Røed er ute. Joakim og Thomas er på veg tilbake, det er verre med Eivind Daniel, seier Jacobsen.

Det endeleg laget blir ikkje presentert før i morgon. Kampen mellom Stabæk og Sogndal startar klokka 18.Du kan følgje kampen minutt for minutt på nettsidene til NRK.no.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote