Hopp til innhold

Eirik (23) er budd på ein knallhard kamp om speleminutta

SOGNDAL (NRK): Eirik Bergum Skaasheim har berre ein konkurrent om høgrebackplassen på Sogndal. Men han har truleg den tøffaste kampen om speletida.

Eirik Bergum Skaasheim

POSITIV: Eirik Bergum Skaasheim gir ikkje opp kampen om speletid i Sogndal. – Eg fekk ein del speletid i vinter, og nokre kampar i fjor og 2014 sjølv om eg var skadd og sjuk. Dei seier dei har bruk for meg, og dei seier at dei har bruk for meg, seier 23-åringen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mykje har siste par åra endra seg for 23-åringen frå Balestrand.

I 2012 og 2013 var Eirik Bergum Skaasheim fast på eliteserielaget Sogndal og med på U21-landslaget. Så kom skadar, benketilvære og ein brøkdel med speletid.

– Ingen har lyst til å reise landet rundt for å sjå kameratane spele fotball. Du vil medverke. Det er difor vi er her og difor vi trenar kvar dag, seier Eirik Bergum Skaasheim.

Realistisk

Det er ikkje kven som helst 23-åringen konkurrerer mot om plassen på høgreback. Taijo Teniste er ein av klubbens lågaste, men samstundes viktigaste, spelarar. Også offensivt. I tillegg er 28-åringen estisk landslagsback.

Taijo Teniste

LITEN, MEN STOR: Taijo Teniste er ikkje den høgaste av Sogndal-spelarane, men likevel ein av dei viktigaste spelarane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Som alle fotballspelarar ynskjer Skaasheim speletid frå start. Men han har ei jordnær og realistisk haldning til situasjonen.

– Taijo er eigentleg ein komplett spelar. God framover og bakover, rask og god med ball. Eg veit ikkje om eg kan tilby så mykje meir enn Taijo, men eg føler at eg matchar han på ein del ting. Så har eg litt å hente på det defensive, seier Skaasheim.

– Og på dei ferdigheitene er det ikkje lett å ta store steg på ein vinter. Det er ting som må jobbast med over tid, og ein kode som må knekkast, seier Skaasheim.

Budd på å kjempe

23-åringen signerte i fjor ny kontrakt med klubben. Då på eit tidspunkt der ting tydde på at Teniste ville reise frå bygda. Så signerte estaren ny kontrakt.

Konkurranse om plassane skjerpar spelarane, og Skaasheim er også i år budd på å brette opp ermane for å få speletid.

– Taijo er kanskje den aller beste spelaren vi har, og den som er aller verst å konkurrere mot. Men det er berre å stå på og gjere det du kan. Du veit aldri. Han kan bli skadd i første serierunde, utan at eg håpar på det. Du må berre vere klar og ta sjansen når du får den, seier han.

Rosar kampviljen

Eirik Bakke

VIKTIG: Eirik Bakke meiner Eirik Bergum Skaasheim er ein viktig spelar for Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Trenar Eirik Bakke rosar Skaasheim for måten han taklar kampen om speletid. Trass i lite speletid siste åra, meiner Bakke at Skaasheim har utvikla seg stor.

– Mest gledeleg at han har løfta mykje av spelet og fysikken mange hakk. Spesielt i vinter har han gjort ein fantastisk jobb. Han står mykje sterkare no enn tidlegare, seier Bakke.

– Taijo er ein av våre beste spelarar, så det er ein utsett posisjon. Men vi veit at vi kjem til å få bruk for Eirik i mange kampar framover, held Bakke fram.