Hopp til innhold

Einebustad totalskadd i brann

Ingen personar eller dyr kom til skade då ein einebustad brann ned til grunnen på Hunvik i Eid kommune.

Brann Hunvik

INFERNO: Brannmannskapa kjempa mot flammane, men fekk til slutt kontroll. Til venstre ligg ein låve som dei frykta brannen skulle spreie seg til, men brannmannskapa fekk kontroll og avverga det.

Foto: Øystein Torheim

– Vi rykte ut med fire brannbilar og om lag 20 frå brannvesenet, seier alarmoperatør Terje Birkeland ved alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Dei fekk melding om brannen like etter klokka 19 fredag kveld og då dei kom fram var huset overtent.

Huset ligg på ein gard ved Hunvik i Eid kommune, og i byrjinga frykta dei at brannen skulle spreie seg til ei låve som ligg i nærleiken.

– Men då taket på huset kollapsa innanfor grunnmurane hadde dei god kontroll, seier Birkeland.

Alle som bur i huset kom seg ut, og verken personar eller dyr kom til skade i brannen.

Brannvesenet fekk bistand av 11 personar frå Sivilforsvaret som hjelpte til med utstyr. Dei skal sitte vakt på branntomta over natta.

Brann Hunvik i Eid