NRK Meny
Normal

Einebuar på Barmen

Kjendiskokken Lars Barmen frå Barmen i Selje har blitt einebuar. I alle fall i to og ein halv månad.

Lars Barmen

MÅ I BÅT: Båten er einaste måten å kome seg til å frå øya der Lars Barmen bur om sommaren.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er blitt ein årleg tradisjon for den profilerte karen frå Barmen å leve enkelt utanom allfarveg nokre månadar kva sommar.

– No har eg fri, og har det kjempebra, seier Barmen.

Sportsleg kledd og med eit andlet som ikkje har sett barberhøvelen på ein stund smiler kjendiskokken breitt der han kjem slentrande på kaien i Selje.

– Eg har ein gard her ute som treng ettersyn, og då vert det alltid litt vedlikehald. Elles har eg det kjekt; fiskar eg gjer eg minst mogleg, seier Barmen.

Einebuar

– Livet om einebuar er heilt perfekt. Det er ein motpol til det eg gjer elles i året, når eg bur i Oslo. Det vert ein heilt anna måte å leve på, seier Barmen.

Når NRK snakkar med Barmen er det første gongen han har vore vekke frå øya si, sidan starten av juni.

– Eg har ikkje vore til Måløy ein gong, ler Barmen.

– Korleis er det?

– Eg tykkjer det er akkurat slik det skal vere. Dei første vekene er ein rett nok litt «tiger i bur» då er ein rastlaus og ser på klokka, men no har eg kome meg heilt nedpå, seier Barmen.

– Så du treng litt tilvenning?

– Ha ha, ja, men når ein lever med avtalebok heile året, så er det godt å sleppe det ei stund, seier Barmen.

TV-kokken

Lars Barmen vart for alvor kjend for det norske folk som TV-kokk. Det har han lagt på hylla og dei siste 10 åra har han i staden halde matkurs for hobbykokkar i Oslo. Men framleis er det dei som hugsar han frå TV-ruta.

– Folk gløymer ikkje så lett, men no held eg i staden matkurs for hobbykokkar. Eg fekk eigentleg litt nok av media. Det er ikkje kjekt å gå på ein matbutikk når alle kikkar i handlekorga di og lurer på kva du skal ha til middag, seier Barmen.

– Men i Selje får du vere anonym?

– Ja, her bryr ikkje folk seg. Dei veit kven eg er ler Barmen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå