NRK Meny
Normal

Einar Andreas (11) fekk draumeferie med Røde Kors

FJALER (NRK): – Eg har padla kano, fiska og skote med pil og boge. Men det kjekkaste på heile leiren er å sitje i tube bak båt, fortel 11år gamle Einar Andreas.

Aslaug Eide og Einar Andreas Eimhjellen

HAR DET KJEKT: Aslaug Eide styrer båten medan Einar Andreas Eimhjellen er i full fart på vatnet i tuba. Det er 13. gongen Sogn og Fjordane Røde Kors arrangerer «Ferie for alle» på Haugelandssenteret i Flekke.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Einar Andreas sit oppslukt i eit spel på mobilen då vi møter han. Med aktivitetar frå klokka 7 om morgonen kan det vere godt med ei lita pause.

– Eg gler meg skikkeleg til å køyre tube etterpå, seier 11-åringen og ser opp frå spelet.

For 15 år sidan starta Røde Kors tilbodet «Ferie for alle», eit tilbod for familiar med økonomiske utfordringar som gjer det vanskeleg å få reist på ferie.

Kjell Arne og Einar Andreas Eimhjellen

ARTIG: Einar Andreas og Kjell Arne Eimhjellen har det artig på Røde Kors sin sommarleir. 11-åringen fortel at ein deltakar klarte å fange sju fiskar frå brygga. – Òg pappa fekk to makrellar då vi var på fisketur, seier han oppglødd.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Eit bra opplegg også for dei vaksne

– Det er fint å få treffe andre, komme seg litt vekk og vere sosial. Dei frivillige som jobbar her er veldig flinke, det er heilt perfekt, seier pappa Kjell Arne Eimhjellen.

På leiren får dei treffe nye folk, dei slepp å tenke på matlaging og får prøve nye spennande aktivitetar.

– Det er ikkje berre barna som får utfalde seg på sommarleir. Det er bra for dei vaksne også. Det er ikkje mykje tid til avslapping. Det er mange aktivitetar å bli med på, seier han.

Lis Maria, Synøve og Henriette

RØDE-KORS: Tre av dei som gjer leiren på Haugelandssenteret mogeleg. Lis Maria Munkvold, opplæringskoordinator for dei frivillige. Synnøve Sande, distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors. Henriette Solheim, i avdelinga for omsorg.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Betyr mykje

Synøve Sande, trur tilbodet betyr veldig mykje for dei som får vere med, og at dei greier å gjere ein forskjell i livet deira.

– Ikkje alle er så heldige å få reise på ferie. Men no kan også dei fortelje på skulen til hausten at dei har vore på ferietur, seier Sande.

Det er kommunen som sender inn søknadar på vegner av familiar. Denne sesongen har Røde Kors i Sogn og Fjordane måtte seie nei til 31 familiar. På landsbasis hamnar halvparten av alle som søker på venteliste.

LES OGSÅ: Mange barnefamiliar får ikkje plass på gratis ferieleirar - NRK Sogn og Fjordane - Lokale nyheter, TV og radio

– Vi har alltid eit håp om å få til fleire leirar, men det er rett og slett ikkje kapasitet til det, seier Sande.

Tid for tube

11-åringen tar av seg jakka, lua og sokkane. Ein av dei 30 frivillige som er med på å drifte leiren, tek på han redningsvesten. Etter ei rask innføring i korleis ein gir teikn for mindre eller meir fart, er han klar.

Tubetur for Einar Andreas Eimhjellen

KLAR FOR TUBE-TUR: – Tube er det aller artigaste, seier Einar Andreas Eimhjellen.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Eg skal gi full gass. Eg har køyrt tube fleire gonger før, og gjer det uansett kor kaldt det er, seier Einar Andreas Eimhjellen.

– Du kjem til å bli litt våt i rumpa, seier Aslaug Eide som styrer båten med 50 hestekrefter.

– Det blir pappa sin feil om eg blir sjuk, ettersom han tok meg med hit, seier han og ler.

– Den støyten får eg heller ta, svarar Kjell Arne Eimhjellen med eit smil.

Tubetur

FLOTT OPPLEVING: Einar Andreas var i alle fall nøgd etter å ha hengt etter båten i ein oppblåsbar tube. – Det var artig! Det aller beste var alle humpane, seier han.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå