Hopp til innhold

– Oksane er ein «smuk og dejlig overraskelse»

VETTISGJELET, ÅRDAL (NRK): Dei danske fotturistane hadde ikkje venta å møta urgamle oksar i det eldgamle kulturlandskapet i Utladalen. Dei utryddingstruga dyra hindrar at den viktige innfallsporten til Jotunheimen gror att.

Urfe og turistar i Utladalen

- Å møta oksane naturleg i dette landskapet verkar så ekte og gir det ein ekstra dimensjon, seier fotturistane Ann-Kristine Elmholdt og Henriette Marie Holmgård.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg blei overraska over å møta dyra der, men det var ei «dejlig» overrasking, seier danske Henriette Marie Holmgård.

Holmgård og venninna Ann-Kristine Elmholdt sit utanfor Vetti Gard Turiststasjon på veg mot Skogadalsbøen og har nettopp gått forbi ei eng med 11 oksekalvar av Vestnorsk Fjordfe, eit utryddingstruga urfe det berre finst knappe 700 dyr av i heile landet.

Gir ein ekstra kvalitet

Fotturistane set pris på at dyra går nettopp her, i det gamle kulturlandskapet i Vettisgjelet i Utladalen, der det i uminnelege tider har budd folk som har slege og drive markene.

Ann-Kristine Elmholdt og Henriette Marie Holmgård

POPULÆRT: Danske Ann-Kristine Elmholdt og Henriette Marie Holmgård er to av mange som brukar Utladalen som innfallsport til Jotunheimen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Me ser noko av det same i Danmark, at ein prøver å ta vare på nokre av dei gamle dyrerasane, gjerne i sitt opphavlege område, slik at ein kan sjå korleis det var der den gongen. Det tykkjer eg er skikkeleg fint, seier Holmgård.

– Det å møta oksane naturleg i dette landskapet verkar så ekte. Det gir ein ekstra dimensjon, i tillegg til fossane, skogen og hyttene, seier Elmholdt.


Det populære og urgamle kulturlandskapet i Utladalen i Årdal får uvanleg hjelp for ikkje å gro att.
I den viktige innfallsporten til Jotunheimen er det leigd inn 11 utryddingstruga oksar av rasen Vestlandsk Fjordfe - med svært god appetitt.

Hindrar attgroing

I tillegg til å gleda dei mange fotturistane i Utladalen, gjer oksane – i lag med vanleg slått – ein avgjerande jobb for å hindra eit stort problem.

Rigmor Solem

GOD GRASLYST: 11 oksar av Vestnorsk Fjordfe hjelper Rigmor Solem i Statens naturoppsyn i å hindra at Vettisgjelet gror att.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Her er lunt og varmt og fuktig, og då veks det fort att. Oksane sparar oss for mykje slått, seier Rigmor Solem, fagansvarleg for Utladalen og Vest-Jotunheimen i Statens naturoppsyn, som har ansvaret for å halda kulturlandskapet i hevd på vegner av Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen.

Urfea er eit nytt innslag i Vetti. Både sau og geit har beita i mange år, men storfe har ikkje vore der sidan tidleg på 1980-talet, då det blei slutt på vanleg gardsdrift.

– Desse oksane er vestlendingar, og landskapet her i Vettisgjelet er det mest ekstreme Vestlandet du kan tenkja deg. Dette er Norges djupaste dal med vatn som renn langs alle fjellsidene no under snøsmeltinga. Så det er i dette landskapet dette feet høyrer heime, seier Solem.

Vetti Gard Turiststasjon

EIT ØKSEHOGG I LANDSKAPET: Vetti Gard Turiststasjon og Utladalen

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ungane klappar dyra

Dyra kom til Vettisgjelet frå Vestre Slidre i midten av mai, og under dei mange fossane i Utladalen skal dei gå til godt utpå hausten. Når oksekalvane har vakse seg store, skal dei bli avlsoksar.

Det er trist å sjå korleis det mange plassar veks att, så at ein somme stader kan gjera slik dei har gjort her, å ta vare på kulturlandskapet, det betyr veldig mykje, seier Erling Eggum, drivar av Vetti Gard Turiststasjon.

Oksane er eit skatta innslag for mange av gjestene til Eggum.

– Me har ein del besteforeldre som har med seg barnebarna sine på tur. Fleire av dei har teke seg ein tur innpå marka og klappa dyra.

Erling Eggum

SKÅNSAM SKJØTSEL: Erling Eggum, drivar av Vetti Gard Turiststasjon, set pris på at kulturlandskapet i Vettisgjelet blir halde i hevd.

Foto: Arne Stubhaug / NRK