Ein trist morgon vart starten på ein hyggeleg påsketradisjon

BYRKJELO (NRK): Audhild Bogstad frå Breim er eit postbod utanom det vanlege. For det er ikkje berre rekningar, reklame og aviser ho deler ut i postkassene til folk.

Audhild Bogstad

POST OG SJOKOLADE: Audhild Bogstad leverer aviser og rekningar – og av og til sjokolade – i postkassene til folk.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Audhild har nemleg laga seg ein eigen påsketradisjon på ruta i Gloppen. Ideen kom ein gråvêrsdag for tre år sidan.

– Eg hadde ein litt trist morgon, då eg fann Kvikk Lunsj på tilbod i butikken. Men eg kunne jo ikkje ete alt sjølv, så då eg starta på postruta tenkte eg at eg kunne legge sjokoladen i postkassene, i lag med posten, fortel ho.

Audhild vart så opprømt av sin eigen ide, at ho måtte på butikken og kjøpe meir sjokolade.

– Det kunne jo bli morosamt. Tenkt så kjekt for dei som hentar posten og blir overraska. Det er ein indre glede for meg, seier ho.

Audhild Bogstad

SOLSKINSTUR: Audhild Bogstad spreier glede med sjokolade, klemmar og eit smittande humør når ho køyrer post i Gloppen.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Spreier glede

For Audhild er det viktig å spreie glede. Og det er ikkje så mykje som skal til, meiner ho. Med sjokolade, klemmar og ein smittande latter kjem ho langt.

– Eg er veldig glad i å gi klemmar, men eg spør som regel først då, ler ho.

Audhild har også nokre få på ruta si som får posten på døra. Dei blir ekstra glad når ho kjem med posten.

– Då får dei gjerne ein klem, ein sjokolade, eller kanskje nokre blomar eg har plukka viss det er sommar. Det varmar meg og det varmar dei. Eg ser at dei smiler og blir glad då, seier ho.

Ikkje kvardags med sjokolade

Aksel Njøsen

HYGGELEG: Aksel Njøsen fekk sjokolade i postkassa, og sett stor pris på det.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Ein av dei heldige på postruta til Audhild denne påska er Aksel Njøsen. Han var på veg til fjells då han henta posten, og det passa bra med ein Kvikk Lunsj då.

– Sjokolade i postkassa er ikkje kvardags. Ho er alltid hyggeleg når ho leverer posten, men når ho har sjokolade med i tillegg må ein berre vere takknemleg, seier han.

Men med over 500 postkasser på ruta si kan ikkje Audhild gi sjokolade til alle. Då blir det eit tilfeldig utval.

– Då eg begynte for tre år sidan var det berre små husstandar som fekk. Det er jo fire stripar sjokolade, så kor mykje kan ein dele det, seier ho.

Påskeharen i Gloppen gir sjokolade i postkassa

– SNILT: Kasper Stensaker (9), Ariana Hjelle Kleppe (7) og Elias Flolø Kleppe (4) fekk Kvikk Lunsj då dei henta posten sin. Det tykkjer dei var snilt av postbod Audhild.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK