NRK Meny
Normal

Sikra seg nordisk gull - utan å vere i toppform

Vektløftarane Tore Gjøringbø og Jantsen Øverås lada opp til junior-EM med nordisk gull i Sverige. – Det lovar bra til EM. Dei fekk ikkje akkurat lagt opp til toppform til meisterskapen, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Tore Gjøringbø

MEISTER: Tore Gjøringbø sette personleg rekord då han henta heim nordisk gull i vektløfting.

Foto: Rebekka Tao Jacobsen

Tore Gjøringbø sette ny personleg rekord i støt med 163 kilo. Med 123 kilo i rykk vart han også nest beste junior i meisterskapen.

– Vi er nøgde med det. Meisterskapen var halvveges ein test til EM om tre veker, så vi har ikkje lagt opp til noko veldig toppform, seier Reiakvam.

– Så ein treng ikkje vere i toppslag for å bli nordisk meister?

– Nja, det er ikkje alltid det. Både Tore og Jantsen var heilt suverene i sine klassar.

Jantsen Øverås

GULL: Jantsen Øverås held på å pirke inn toppforma mot EM om tre veker, men var likevel god nok til å sikre seg gull i nordisk meisterskap.

Foto: Rebekka Tao Jacobsen

For det er EM i Kypros om tre veker som er målet til dei lovande vektløftarane til Tambarskjelvar.

– Det er det vi trenar for. Vi har vore ei veke i Latvia, og reiser bort att no for å vere der til fredag. Så blir det full rulle heime med finpussing fram mot EM, seier Reiakvam.

Trenaren meiner både Gjøringbø og Øverås er godt i rute mot EM.

– Dei virkar veldig bra. Eg er ikkje uroa for det. Det er jo ei plassering blant dei ti beste vi satsar mot. Det er der vi er med og kjempar for augenblinken, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå