Hopp til innhold

Ein tredjedel av kommunestyret er ute

LÆRDAL (NRK): Kommunane i fylket slit med fråflytting. I Lærdal har det ført til at ein tredjedel av kommunestyret er skifta ut. Ungdom og kvinner er taparane.

Jan Geir Solheim og Kåre Mentz Lysne

OVER 50: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og Kåre Mentz Lysne (Ap) er menn over 50. Dei er i godt selskap i Lærdal kommunestyre no.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Etter valet i fjor var samansetninga i Lærdal kommunestyre blant dei yngste i Sogn og Fjordane. Då var og prosentdelen kvinner høg. Eitt år etter har gjennomsnittsalderen gått opp til 51 år. Og berre tre av medlemmene er kvinner.

Grunnen er at fleire unge kvinner i kommunestyret har flytta ut av kommunen for arbeid eller utdanning. Til saman er fem representantar ute. I dag gav kommunestyret Marit Breistøl (26), Johanne Gjesdal Mo (26) og Helge Evensen Bjørkum (22), alle frå Senterpartiet, fritak fordi dei ikkje lenger er i kommunen. Fritak fekk også Aud Ramshus (62) frå Arbeidarpartiet. Tidlegare har og Gunn Beate Sjøtun (Sp) fått fritak.

Ikkje bra

Dermed har ein tredjedel av dei som vart vald inn i kommunestyret i fjor haust no bedd om å bli fritekne frå verva sine. Ordførar Jan Geir Solheim likar ikkje utviklinga.

– Eg er likevel glad for at dei stilte til val. Men vi har med ungdom å gjere. Dei har ein kortare tidshorisont. På fire år skjer det mykje i eit ungdomsliv, seier Solheim.

Kommunestyret i Lærdal har 17 representantar. No er den yngste 29 år, to er i 30-åra og ni er over 50 år. Den eldste er 70 år.

Kåre Mentz Lysne er gruppeleiar for Arbeidarpartiet. Etter fråfallet er partiet berre representert med menn over 50 i kommunestyret. Gjennomsnittsalderen deira er 60 år.

– Det er synd, men vi må sjå framover. Vi skal rekruttere damer og ungdom. På siste medlemsmøte hadde vi like mange damer som menn. AUF i Lærdal og Årdal har og mange ivrige medlemmer. Me må berre arbeide aktivt framover, seier Lysne.

Jobbe betre

Lysne trur det blir vanskeleg å kjempe mot fråflytting, og meiner ein må nytte seg av ungdommane den tida dei faktisk bur i kommunen.

Vi må få eit representativt utval av dei som er i bygda inn i politikken. Dette er noko alle partia må jobbe med. Det må gjerast betre enn kva Arbeidarpartiet fekk til førre gong, seier Lysne.

Gro Starheimssæter (Sp) er med sine 29 år no den yngste i kommunestyret, og ei av berre tre kvinner.

– Eg synest det er flott at dei valde å stille og vart valt inn. Det er ikkje bra at dei måtte ut, men eg vil heller at unge kvinner som er usikre på framtida, faktisk stiller og bidrar i den perioden dei kan, seier Starheimssæter.

– Men er ikkje dette eit demokratisk problem at unge og kvinner no er lite representert?

– Då må vi som sit att ta eit større ansvar, og det vil vi gjere.