Hopp til innhold

Ein til sjukehus etter ulukke på Leikanger

Ein person blir frakta til sjukehus for observasjon etter at to bilar small i hop på riksveg 55 på Leikanger.

leikanger

Politiet melder onsdag ettermiddag at årsaka til ulukka var brot på vikeplikta, og at den eine føraren har fått førarkortet beslaglagt.

– På rv 55 på Leikanger er det to bilar som har hatt ein samanstøyt. Det er totalt fem personar i dei to bilane, vi har så langt ikkje fått melding om at det skal vere alvorleg skade på nokon av dei, opplyser operasjonsleiar Odd Arve Solvåg frå politiet i Sogn og Fjordane.

Vegen er rydda og det er fri ferdsel på riksveg 55.